Månadens bok: Verda er ein skandale

Månadens bok: Verda er ein skandale

I si nyaste bok teiknar Agnes Ravatn eit levande portrett av ven og forfattarkollega Einar Økland.
6. oktober møtest dei i Ulvik.
«Verda er ein skandale – ei bok om livet på landet» er månadens bok.

Agnes Ravatn er kjent for å ha ein av Noregs beste pennar. Ho har skrive prislønte romanar, som Veke 53 og Fugletribunalet, i tillegg står ho bak ei rad kritiske, sjølvironiske essays farga av ein lun, men treffsikker såkalla vestlandshumor.

I Verda er ein skandale, som har fått sjangarnemninga «essay», er emnet livet på landet, ja, og Einar Økland. Ravatn har nemleg flytta frå hovudstaden med mann og barn og busett seg i vestlandsbygda Valevåg. Einar bur i nabohuset.

Portrettkunst

Det kjem kanskje ikkje som ei overrasking at Einar skil seg ut i lokalmiljøet. I den nærliggande byen Haugesund går han under namnet «Diktaren», og Agnes mistenker at han blir karakterisert som «litt spesiell» - eit uttrykk ho forbind med ein særeigen vestlandsk seiemåte og som ho, som så mykje anna, tek på kornet:

«Det er verdast slappaste kritikk – og det er alltid meint som kritikk – for ein treng berre å seie at nokon er «litt spesiell», eller i ekstraordinære tilfelle «veldig spesiell», og så nikkar folk ivrig og blir kjempeglade. Og dersom ein er slange i paradiset og spør «å»? eller «korleis då?», så treng svaret berre vere «jo, ho er no litt sånn –», og så skal det liksom vere forklaring god nok.» (Ravatn, s. 60)

Kva med Einar, er han einig i karakteristikken, ser han på seg sjølv som «litt spesiell»? Snarare tvert om. Agnes skriv: 

«Einar, på si side, har for vane å framheve og rose seg sjølv for å vere ein veldig vanleg, heilt alminneleg fyr, nærast uvanleg vanleg. «Eg veit godt at eg er veldig lite spesiell!» har han ofte sagt, og dei gongane eg har protestert mildt mot dette ganske forskrudde sjølvbilete, har han nesten verka litt fornærma. Då det ringlar i dørklokka og Einar entrar delikatesseforretninga Amundsen, er det som ein filmscene, for den velfriserte og forklekledde ekspeditøren strammar seg straks opp ved synet av han, som om det var Don Corleone sjølv som kom inn døra – eller forresten, aller mest liknar det ein scene frå ein NRK-produsert adventskalender, ikkje Jul i Skomakergata men jul i Einar Øklands veg.» (s. 61)

Agnes portretterer Einar ved å skildre venen i ulike settingar, det vere seg ein bytur til Haugesund med tilhøyrande besøk i Amundsen delikatesse, eller Einar som guide for det lokale turlaget – ei utflukt som ikkje går til kommunens einaste Kolerakyrkjegard som lova (og annonsert i lokalavisa!) men til ein flyndrebekk! «I utgangspunktet var me sytten, men elleve har snudd», påpekar Agnes lakonisk, der dei står «seks personar i regnklede og med ein snittalder på seksti» og stirer «intenst» ned i bekken på utkikk etter flyndre. For å nemne nokre døme.

Men Verda er ein skandale er også eit portrett av den som skriv, av Agnes sjølv. Og som andre dyktige essayistar i tradisjonen etter Michel de Montaigne – kalla essayets far og kjent for sin personlege skrivemåte – meistrar Agnes kunsten, både i skildringane av Einar og når ho skriv om seg sjølv, å unngå det private, det utleverande. Medan ho utforskar det å vere annleis, å stikke seg ut på ulikt vis, og i god essayistisk tradisjon nærmar seg ei sak frå fleire vinklar, kjem ho på ein gong ho kjente seg «litt spesiell». Og det var verken i Valestrand eller i Haugesund. Men i hovudstaden, på eit barseltreff på helsestasjonen:

«…alle dei andre mødrene var så ungpikeaktig livfulle at eg nesten kjende meg som ein gammal far der me sat i halvsirkel, slik at det då eg med mørk og hesteliknande røyst presenterte meg sjølv og den nyfødde som «Agnes» og «Jostein», ikkje gjekk fram kven av oss som var kven, og brått visste eg ikkje korleis eg skulle halda han, når eg såg på alle desse unge jentemødrene som slengde elegant rundt på dei små dokkene sine...» (s. 63)

Lykka på landet

Verda er ein skandale pendlar mellom fordelar og ulemper ved å bu på landet. Det er ikkje berre rosenraudt! Samstundes er det ingen tvil om at sjølve livsgleda slik ho vert skildra i «Verda er ei skandale», er knytt til slike ting som først og fremst høyrer bygdelivet til: fullmåne og stjerneklar himmel over Valevåg, vin ein har laga sjølv, kjøt frå eige gardsbruk, plommer frå eigen hage. Gleda ved nesten å vere sjølvberga som Agnes deler med Einar. Gleda ved å hausta inn: «eg stod i ein grøftekant like bortanfor huset, i ei nærast majestetisk haustsol, og plukka enorme, sprengsaftige, skinande svarte bjørnebær i eit spann. Og eg tenkte: Eg kan jo ikkje forlate dette.»(s. 93)

 «Svarte klasar av bjønnbær skin i kjerri,/ trasti leitar etter dei siste vinbæri,/ og kvefsen syg ut dei søte plomone» skriv Olav H. Hauge i diktet «Tid å hausta inn», som også er tittelen på det litterære møtet mellom Agnes og Einar i Ulvik 6. oktober.

Velkomen!

Verda er ein skandale finn du i museumsbutikken på Hauge-senteret.

Skrive av Ragnhild Nabben, formidlar