Månadens bok: Jordsjukantologien
Foto: Exil Design

Månadens bok: Jordsjukantologien

Stein Torleif Bjella har teke steget ut av songlyrikken og debuterer i bokformat. Som poet er Bjella både morosam og alvorleg, han bevegar seg i same univers som i songen; utganspunktet er kvardagslivet - sett øvst frå eit gardstun i Hallingdal.

I Jordsjukantologien skriv Bjella om to store tap her i livet; tap av kjærast og av jordskifte. Eg merkar meg mest dei dikta der han skriv om jordsjuka. Å vere eigesjuk til jorda er ikkje først og fremst positivt, men det treng heller ikkje å berre vere negativt, les eg Bjella rett. Å vere jordsjuk kan òg handle om viljen til å få til noko. Skape noko med eigne hender. Sjå verdien i det landskapet ein er plassert i.

Eg synes det er noko forfriskande enkelt over dei politiske «frå bonden-dikta» til Bjella. Her skriv poeten frå Ål om tema ein ikkje finn så ofte i dagens lyrikk.

 

Den unge kvinna vann endeleg fram

Ho kjøpte Storelien.

Barndomsminnet frå slåttearbeid

var det vakraste ho hadde.

 

Det er langt frå

klokketårn og parkanlegg

ved Landbrukshøgskulen på Ås

til steinhelvete på åtte hundre meter.

 

Ho starta grønsaksproduskjon

og avla gamalnorsk spæl.

Vurderte dagstøtt å gi seg

men det var noko

med dei klasselause

og solidariske dyra.

Ingenting var tilfeldig:

hardføre

nøysame

sterke søyer

kosthaldet

døgnrytmen

tråkk mot vatn

tråkk langs vatn

Flukt og flokkliv.

 

Og så bekrane då

som fann kvarandre

i eit slags felleskap.

 

Ja det er langt mellom parkanlegg i flatt landskap til småbruk i steinrøysa. Det er også ofte langt mellom teori og praksis. Noko må ein berre oppleve og kjenne på kroppen for at ein skal lære å meistre det. Du må kjenne både jorda og jordeigarane rundt deg skal det gå deg godt her i livet.

 

Du kan tapa alt

Fyrst når du eig

over halvparten

er du trygg.

 

Slik klarte eg det;

Vart kjent med alle.

Alliert med den sterkaste.

Tok i bruk sjarm.

Kalla opp dotter mi

etter den med størst rett.

 

Stein Torleif Bjella kjem til Hauge-senteret og til Verdas poesidag 21. mars.