Månadens bok: Ferdaminni frå sumaren 1860

Månadens bok: Ferdaminni frå sumaren 1860

Aasmund Olavsson Vinje skreiv med Ferdaminni frå sumaren 1860 det første større verket på Ivar Aasens landsmål. I 2018 feirar vi Vinje-jubileum fordi det no er 200 år sidan Aasmund Olavsson Vinje blei fødd.

Boka Ferdaminni handlar i korte trekk om reisa Vinje gjorde frå Christiania til Trondheim for å sjå kroninga av Karl XV. Likevel seier dette lite om verket. For det er alt det som ligg i mellom utgangspunktet og reisemålet boka handlar om, og sjølve reisa byr på naturopplevingar, ulike kulturskikkar og moderne teknologi. Ja, Ferdaminni opnar med ei hylling av toget:

"Mange meiner at å åka på jarnvegen er leitt og keitt og alltid likt seg sjølv; men eg, som er lei trøyttkøyrde øyker og skranglekjerrer, eg finn det som eit dikt å fara så fort … Nei, jarnvegen er rik på tanke og framhug frå kvar side han vert sedd. Han er ikkje lyft opp frå jorda, men går som all sann dikting igjennom det levande liv, og strår blomar ikring seg."

Les ein i Ferdaminni så oppdagar ein fort at Vinje meiner mykje og opplever mykje. Slik sett handlar boka om alt mogleg frå togreiser til hyttepoesi, elghovud på stoveveggar, det østerdalske seterstell, om Rondane er stygt eller vakkert, havregraut, og Ole Bull. Vinje gir seg også inn på å skildre vakre kvinner:

"Det er merkeleg med alle dei vene kvende det er i vestbyane innmed sjøkanten, alt ifrå Grømstad til nord mot Trondheim. Anten det no er fiske eller kva det er som gjer dette, er ikkje godt å vita; kanskje er det også for den skuld at desse byane skal ha noko attåt fisken å skipa ut; for sjølve byane har ikkje bruk for alle dei blomekinner og blåe augo, og om der var rom for alle, så er dei fleste for gode til slike avkrokar, som kan berga seg godt med det ringare slag."

Ja, dette er ikkje berre nøytrale skildringar. Vinje tek seg også til å meine noko om kvar ein finn slike kvinner, og foreslår vel rett og slett at ein ikkje burde sette slike kvinner i arbeid, men at «Venleiken skal sitja på strå og som sola vera ute og skina på livet. Eldre og ljote folk skal slita, men unge og fagre verta sparde til deira tid kjem; med damer må det i det minste vera so». Ja vel.

Ein annan stad skriv Vinje noko som nok er meir forståeleg også i vår tid. For han treff på fantefylgje der det var kvinnene som bar børene og sleit, medan menna som regel ikkje bar meir enn ei børse. Her kunne han blanda seg, ta til å kjefte på menna. Spesielt viss mannfolka slo. For ifølge Vinje er «Slikt kvendeslit er noko av det fælaste ein mann kan sjå».

Det er likevel ikkje berre variasjonar i ulike tema Ferdaminni ber preg av. Sjølve den litterære tonen vekslar. Det finst historieforteljing, essayistikk og journalistikk, og ikkje minst dikt. Ja, mange av Vinjes mest kjende dikt er herifrå, til dømes «Ved Rundarne» som byrjar slik: «No ser eg atter slike fjell og dalar / som dei eg i min fyrste ungdom såg».

At reiselitterær skrift bryt ut i poesi er ikkje uvanleg. Ferdaminni gjer det støtt. Eit døme som kanskje er mindre kjend, er der Vinje viser til den visjonære skomakaren i Trondheim som meinte at ein burde bruke kloakk frå byen til å gjødsle jorder utanfor den med. Dessverre så fungerer ikkje gode idéar utan støtte av andre. Og så er det jo det at «Det er sume ting som aldri må talast om, og endå mindre verta skrivne, og aller minst komma på prent». Så planen til skomakaren blei det ikkje noko av. Men dikt, det blei det:

"Då skomakaren såleis tilbakestøyt kom ut på gata, knyrde han sine «planar» mot bringa og såg sukkande opp mot himmelen, syngjande:

Å, fine folk! på tipp og tå,

de gløymer der de kom ifrå;

de gløymer det de voks ut av,

som makt og merg og glansen gav.

D’er sagt når kyri vekser til

med hornepar

då byrg ho aldri minnast vil

at ho kalv var."

Det er nett denne vekslinga mellom skildrande prosa og syngjande poesi vi har blitt inspirerte av i Aasmund Olavsson Vinjes reiselitterære verk Ferdaminni frå sumaren 1860, og som no blitt til temautstillinga «Ferdaminne frå Troja til Vestlandet». I denne utstillinga viser vi korleis 13 ulike forfattarar gjer noko av det Vinje gjer. For også desse forfattarane, mellom dei Homer, Virginia Woolf, Rønnaug Kleiva og Erlend Nødtvedt, brukar poesi i reiseskildringane sine.

Temautstillinga "Ferdaminne frå Troja til Vestlandet" kan du oppleve Olav H. Hauge-senteret, og der kan du også kjøpe boka Ferdaminni frå sumaren 1860. Kanskje det kan vere til inspirasjon til eigne gode reiseminne frå sommaren 2018?