Månadens bok: Lomen svarar meg i blanke timar
Foto: Samlaget

Månadens bok: Lomen svarar meg i blanke timar

Terje Tørrisplass frå Bromma i Hallingdal kom med si tredje diktsamling Lomen svarar meg i blanke timar i fjor. Dette er ei vakker og stillfaren bok som handlar om å vere medviten og lyttande til natur, tradisjon og til spora etter mor og far.

Mora sin song som lindra eit vart barnesinn, hennar mjuke andlet som lyste i mørket og gav ro når uroa snik seg i ikring. I minna finn diktaren visdom og trøyst til å finne sin veg. Dette gjeld også minnet om faren, som kjem att gjennom vakre og poetiske bilete gjennom heile diktsamlinga.

Ingen tok vare på båten etter far.

I vatnet gleid han fram.

I støa morkna han ned.

Breidfull av det forgjengelege mognast eg.

Naturen er nær og levande i Tørrisdal sine dikt, ikkje som naturskildringar, men som ein natur som roper og kallar oss til seg. Ein stad å vere i lyttande samspel med slik som Tørrisdal har erfart og lært gjennom visdomen til foreldra. Fuglar og dyr kallar og ber med seg bodskap. Fjella, vatnet og skogen som ein må respektere. Reiskapar og handverk som er utvikla gjennom generasjonar for å kunne livnære seg i naturen. Båten er eit anna gjennomgangstema i desse dikta, båten som ber minne, som kan føre oss tilbake til dei som var.

LOMSJØAR

Må det vere spegelblankt, må det vere kveld

må det vere silhuettar mot ein omsnudd himmel.

Må det vere båten.

Årer. Malstraum i kvart tak.

Må det vere raude vatn.

Eller er du nær nok her

ved runesteinen

du steller som ei grav.

Livssyklusen og årstidene er vevd saman og diktaren går inn i rytmen gjennom rituelle handlingar. Tørrisplass tek oss med på jakt, fiske, sanking og skogsarbeid. Til det stolte fjellet, dei mektige viddene, det stille vatnet, dei susande elvane og den lunefulle skogen under stjernene. Vi møter ulv, elg, rev, rype, ramn, hare, orrhane, heilo, lom, skarv, kråke, låvesvale og maur skjult i skogen.

Arbeidet i skogen er fysisk og tærer på kreftene. Tørrisplass skriv økopoesi ut i frå eigne røynsler, langt borte frå moderne teoriar og nostalgiske draumar. Han skildrar hardt arbeid og harde realitetar som i dette diktet:

FROST SKAL BITE

Skogen har ikkje legning for hysteri.

Han er ikkje direkte hyperaktiv i veksten. Ikkje tilpassa vår tid.

Skogen og eg liknar kvarandre som to dropar

øksehogde frå ei framfus grein.

________________

Eg kjem ikkje profetisk inn frå skogane. Eg kjem sigen inn frå skogen.

Sig inn frå skogen i ein pust av eintal.

Men det er her diktaren høyrer heime, det er i naturen han finn ro og meining. Her er fortid, notid og framtid vevd saman. I denne grunnfesta einsemda der han tråkkar i eigne spor, kan også han bli ein bodbringar, ein som bind nye generasjonar saman. Ein som har lært å sanse, spisse øyrene og stanse opp ved det vesentlege i tilværet.

RO

Eg held til i desse fjella.

Har ein båt, to årer og eit vatn

eg kallar mitt.

Eg skyv ifrå. Ror mot vinden.

Set garnet dit båten driv.

I kveldssola, i vestavinden

fylles maskene av lys!

I morgon

om eg lever

dreg eg to aurar og ein sik

opp av det nakne solefallet

Som skogsarbeidar har Tørrisplass eit livslangt forhold til naturen og han skriv seg inn i tradisjonen til Hans Børli, Olav H. Hauge og andre store lyrikarar. Både tittelen og tematikken kan også sporast til den amerikanske poeten Robert Bly der også lomfuglen er ein varslar og bodberar.

Lomskrik

Langt ute frå midten av det nakne vatnet

kom lomskriket

Det var skriket av ein som åtte svært lite.

(«The Looms Cry», gjendikta av Olav H. Hauge)

Terje Tørrisplass si bok Lomen svarar meg i blanke timar er ei praktfull diktsamling som gir ro og ettertanke. Bokomslaget med assosiasjonar til båt, vengeslag og runer er vakkert utforma av Johanne Hjorthol. Boka finn du i museumsbutikken på Hauge-senteret

Dagleg leiar ved Hauge-senteret, Geir S. Netland