Månadens bok: Åtte minutter
Foto: Flamme forlag

Månadens bok: Åtte minutter

Åtte minutter av Linda Klakken treff meg som ein liten meteoritt i magen og kastar stjerneskot mot mamma-hjarte.

Åtte minutter av Linda Klakken treff meg som ein liten meteoritt i magen og kastar stjerneskot mot mamma-hjarte. Det er tynne linjer mellom liv og død i Klakken sine dikt. Som forfattaren sjølv seier i eit intervju med Flamme Forlag som har gjeve ut boka ; «Døden kan man ikke beskytte seg mot, og noen ganger ikke livet heller. Det gjør verden til et trist, men nydelig sted» -

Dikta som treff hardast er korte sterke linjer som freistar å verne om alt det som er mindre enn oss, både i storleik og i styrke.

 

Noe som (nesten) bare angår meg

 

at hjertet hennes

fortsetter

å slå

 

Klakken speglar det store i det små, ho skriv om det å vere mor, om å vere forelder, om kjenslene som dirrar mellom oss og dette nye midtpunktet. Som i diktet Kopernikus

 

Slik jorda går i bane

rundt sola

 

går vi i bane

rundt deg

 

I Klakken sine dikt er det også ei omsut for naturen; for havet, det uendelege og ukjende verdsrommet, den vesle sterke mauren som bærer ei kongle på ryggen gjennom ei blomeeng. Eg likar dei klåre fine linjene mellom det konkrete og det abstrakte i Klakken sin poesi. Mellom instinkt og intellekt.

 

Instinkt

 

huden nupper seg

når jeg klør henne på ryggen

 

alarmen går

et sted i hjernebarken

 

lyse fjon på armen

reiser seg i givakt

 

Tittelen Åtte minutter spelar på tanken at om sola sloknar, som ei nattbordslampe, så tek det åtte minutt før mørket omfamnar oss.

Kva ville du gjort med din siste rest av ljos?

 

Åtte minutter er Linda Klakken (f.1979) si fjerde bok. Klakken kjem til lyrikkarrangementet Poesinatt på Hauge-senteret 25. november.