Lyrisk julekalender
Foto: Elaine Faith / Creative Commons

Lyrisk julekalender

Dei tilsette på Hauge-senteret har valt seg ut dikt som dei ynskjer å dele i dagane fram mot jul. Kalenderen vert lansert 1. desember og det vil koma eit dikt kvar dag heilt fram til julekvelden.

- Vi håpar at det å stoppe opp og lese eit dikt for dagen kan vere eit pusterom for folk i dei travle førjulsdagane, seier dagleg leiar ved Hauge-senteret, Geir S. Netland.

Dikta vil bli publiserte på nettstaden haugesenteret.no og dei vil også bli delte på Hauge-senteret si facebook-side.

Forlag og forfattarar har vore velvillige og gjeve løyve til å bruke dikta.