5.desember: Heime mellom istidene
Foto: Jorid Lekve Eide

5.desember: Heime mellom istidene

 

e heimen et bilde

tå den som bur der?

 

nei

heimen ser en ikkje sjøl

korlesen ser ut

 

heime e der

en ser

frå

 

heime e der

minnet kvile

 

i den myrke gangen treffe hånde ljosbrotarn

lampa lyse upp

det du allereie visste

 

joggesko gamasjo

skjerf huve hugulykt

 

heime e det trongt inne

og oendele med plass ute

 

heime e utkanten

fjellkommuna

der dørin e olæste døgnet rondt

 

 

Guri Sørumgård Botheim, Heime mellom istidene, Samlaget 2016

Les om Guri Sørumgård Botheim hjå Allkunne