24.desember: Det hev ei rose sprunge
Foto: Sveinung Sundfør Sivertsen

24.desember: Det hev ei rose sprunge

Det hev ei rose sprunge

ut av ei rot so grann,

som fedrene hev sunge

av Jesse rot ho rann.

Og var ein blome blid

midt i den kalde vinter

ved myrke midnatts tid.

 

Um denne rosa eine er

sagt Jesajas ord,

Maria møy den reine

bar rosa til vår jord.

Og Herrens miskunns makt

det store under gjorde

som var i spådom sagt.

 

Guds rose ljuvleg angar

og skin i jordlivsnatt.

Når hennar ljos oss fangar,

ho vert vår beste skatt.

Me syng i englelag:

No er det fødd ein frelsar,

og natti vart til dag.

 

Omsetjing etter ein tysk song frå 1500-talet

Av Peter Hognestad

 

Omsetjing etter ein tysk song frå 1500-talet]
Av Peter Hognestad