23. desember: Barnet rid gjennom snøskogen
Foto: Stein Arnold Hevrøy

23. desember: Barnet rid gjennom snøskogen

Barnet rid gjennom snøskogen

Barnet skulle ride

gjennom snøskogen

før det kunne seia eit

menneskeleg ord

 

Skogen skjøna det

og vart eit

einaste hav

av lysande.

 

I ein rad av uvers-døgn

hadde fonna lagt seg. Mållaus og tjukk.

Brølande storm og snø-rokk.

Men det skjedde tusen ting.

Te-te, sa det i fonna, det høyrde ingen

andre enn dei utvalde

som er i skogen.

 

Tarjei Vesaas, «Barnet rid gjennom snøskogen» frå samlinga Liv ved straumen, Gyldendal 1970

Les om Tarjei Vesaas hjå Allkunne