Lærerikt lyrikkseminar på Hauge-senteret

Lærerikt lyrikkseminar på Hauge-senteret

9. og 10. november samla litteraturforskarar og andre seg for å lesa, diskutera, læra og formidla lyrikk på Hauge-senteret i Ulvik. Høvet var seminaret «Poetisk tenking og diktarrolla: tysk poesi og Olav H. Hauge». Seminaret var eit samarbeid mellom Olav H. Hauge-senteret, Universitetet i Bergen og Høgskulen i Hedmark.

Forskarar frå Universitetet i Bergen, Høgskulen i Hedmark, Universitetet i Oslo, Universitetet i Helsingfors og Olav H. Hauge-senteret heldt til saman ti innlegg på seminaret. Det vart føredratt om dei tyske diktarane Hölderlin og Novalis, og dei norske diktarane Kristofer Uppdal, Jon Fosse, Kjartan Hatløy og Olav H. Hauge. Filosofiske ressursar vart ofte trekt inn, ikkje minst den tyske tenkaren Martin Heidegger. 

Olav H. Hauge-senteret, som ynskjer å styrka lyrikkens rolle i norsk offentligheit, arbeider for å etablera seminaret som eit fast lyrikkfagleg debattforum annakvart år. Som det einaste lyrikksenteret i landet er det ei viktig oppgåve for oss å utvikla kunnskap og å formidla denne. Samarbeidet med andre lyrikkfaglege miljø, som Universitetet i Bergen og Høgskulen i Hedmark er særs viktig for at Hauge-senteret skal vera eit kunnskapssenter for lyrikk.