Søk i Olav H. Hauges boksamling!

Søk i Olav H. Hauges boksamling!

Det er no mogleg å søke i boksamlinga til Olav H. Hauge på nett. Utvalde verk vil dessutan bli formidla gjennom nettstaden Digitalt museum.

I høve opninga av Olav H. Hauge-senteret blei boksamlinga etter Hauge registrert i biblioteksystemet mikromarc. Gjennom nettstaden til Ulvik folkebibliotek kan du difor sjølv søke i samlinga om du er nysgjerrig på kva diktaren las. Vil du nytte boksamlinga i høve forsking må du kontakte dokumentasjonsansvarleg på Olav H. Hauge-senteret, Stein Arnold Hevrøy.

Enkelte verk frå boksamlinga vil også bli formidla gjennom nettstaden Digitalt museum. På Digitalt museum kan du søke opp museumsgjenstandar frå ulike samlingar som finst på norske museum.