Feiring av Einar Økland på Diktardagen 2018

Feiring av Einar Økland på Diktardagen 2018

Etter ein fantastisk Diktardag på Hardanger folkemuseum på Utne er det godt å ha noko konkret ein kan sjå tilbake på. Difor publiserer vi her Idar Stegane si flotte og informative innleiing om diktinga til Einar Økland.

Idar Stegane om Einar Øklands dikting, Utne 16, juni 2018

Einar Økland har ein omfattande fattarskap med over 80 bøker, nokre av dei saman med andre. Eg skal berre seie litt om dikta hans – men dei er jo ikkje no ko berre. Medrekna dikt for born og unge er det vel rundt 25 bøker. Og 17 når eg held meg til dei for vaksne. Kor mange dikt, veit eg ikkje, men det må då vere fleire hundre, kanskje over tusen dikt. Den fyrste var debutboka E in gul dag alt i 1963. Den nyaste diktboka trur eg er Sykling i søvne 2015.

I Dikt i utval 2002 har Økland eit forord der han grupperer og kommenterer dikta meir systematisk enn nokon andre har gjort: I) Tidlege dikt 1963–1966 (to bøker), II) Frie dikt og overgangsdikt 1966–1972 (to bøker), III) Folkeminnedikt 1975–1994 (seks bøker), IV) Seine bøker 1999 (berre ei, for lenger var jo han ikkje komen då, men frå og med 1999 har eg talt sju). Og så kjem fleire for born og unge attåt.

Om undertittelen “Folkeminne” har Atle Kittang skrive: “Denne undertittelen er ikkje så mykje eit genre-omgrep Økland sjølv har funne på, som den er ein poetikk fortetta i eitt ord. Eit ordsignal om at eit dikt aldri kan lage seg sjølv, aldri kan sleppe unna det som alt er sagt og skrive.” (“Poeten Økland”, Syn og Segn 1992, s. 337–343.)

Økland sine dikt er for det meste frie vers, men han har rett som det er også metrisk rytme og klingande rim, blant anna. fire formsterke sonettar i ei kvardagstrivial prosatekst i romanen Stille stunder (1974), tekne med i Krattet på badet (2007). Og ei av dei nyaste bøkene har den lovande tittelen Nokre valsar, gamle og nye (2014).

Feiring av Einar Økland på Diktardagen 2018
Idar Stegane i triveleg selskap på Utne

Frå og med Romantikk (1979) er dei fleste diktbøkene inndelte i bolkar med eigne overskrifter eller romartal eller andre skiljemerke. Slike mellomoverskrifter kan vere treffande og til hjelp for lesaren, eller til fruktbar forvirring. Slik kan sjølvsagt boktitlane òg verke.

Boktittelen Krattet på badet (2007) er ikkje utan vidare saksopplysande. Tittelen Sykling i søvne (2015, derimot, gir signal om kva modus lesaren bør innstille seg på. Syklar ein i søvne, så drøymer ein vel helst. Tittelen “Blå roser” (1983) peikar mot noko som ikkje finst eller mot fellesmerkelappen “Folkeminne” på denne og fem diktbøker til. Ei “rosebok” var ei billedbok eller illustrert bok, og rosemåling finst òg, altså folkeminne.

Dikta hans er skiftande på mange vis. Og det er jo også i samsvar med den frigjeringa av skrivemåtar som skjedde for diktskrivaren Økland rundt 1970. Han nemner dette sjølv i forordet til Dikt i utval (2002), skriv at Vandreduene (1968) var “sjølve frigjeringsboka” og at “[s]amlinga Gull-alder (1972) er ei ytterlegare utprøving av at alt nå var blitt muleg” (s 13–14). Og: Liksom alt ein billedkunstnar tok inn i galleriet og kalla kunst, blei til kunst, kunne alt språkstoff ein poet tok inn i boka si og kalla dikt, bli til dikt. Også om det var eklatant prosaisk.” Og mangfaldig og skiftande vart det.

Eg vil sjå på noko av det som finst i dikta forsøksvis systematisk. Men diktmengda hos Økland er så omfattande og mangfoldig at det ikkje er råd her å gå inn på noko spesifikt. Eg kan heller ikkje ta tid til å sitere noko større.

Det blir stundom skilt mellom diktaren Økland med motiv frå bygda og omgivnadene der og den intellektuelle lesande og skrivande Økland. Det kan vere hjelp for tanken å sjå etter slike motsetningar, men også snart gjort å overdrive.

Motiv finn Økland både i natur og landskap og i menneskegjorde ting og språkbruk. Den store rømda natt og dag, sol og ikkje minst måne; månedikt på månedikt frå fyrst til sist, ikkje minst i Sykling i søvne som også har sykkelhjulet som er nattsvart og ein stor gul måne mot djup blå himmel på omslaget.

Mindre spor kan ein finne i nære saker, ikkje minst i altslags bær, t.d. “Barnebær utan lyd”, står også i sykleboka, ingen lyd, men lukt og smak: krekling, blokkebær, blåbær, bringebær, tytebær, bjørnebær, ville jordbær, rips, solbær, stikkelsbær, dette er eit saftig dikt. Eit særleg standhaftig motiv er stikkelsbæret, “Nå lyser månen på stikkelsbæra” alt i Mandragora (1966). Sidan som “still og tolmodig bærbusk” i Bronsehesten. Fisk og fisking også tidleg og ikkje slutt. No veit vi òg at Økland samlar på tusen menneskegjorde småting, ikkje minst anonyme gjenstandar frå moderne tradisjon, øskjer, skåler, tannkremtuber, skrujarn og anna verkty, reklamebilde osv. småting som også kan studerast i dikt. Også dei minste og uvesentlegaste vesen: Stankelbein er han glad i. Og frå synet av noko smått som “[e]in krum liten larve mellom tre gule nåler i toppen på ein brakekvist”, kan observasjonen også ta inn det store perspektivet “utsikten / til ein jordisk blå univershimmel.” (“På førtiårsdagen II”, Blå roser, 1983, s 47.)

Feiring av Einar Økland på Diktardagen 2018
Prisvinnar Einar Økland lytta til hardingfelespelar Johanna Mjeldheim

Tilknyting til litteratur og kunst og musikk førekjem ofte og peikar i ulike leier. “Veslemøy lengtar” er eit dikt i Garborgs Haugtussa. Ho er i fjellet med kyrne og tenkjer på mor si heime på garden: “No stend ho steller i kjøkenkrå, / ho mor.” Og: “Ho lagar mat til sitt slåttefolk, / ho mor.” Gjenklang hos Økland i Bronsehesten (1975) er slik: “Ho står der og kokar, ho gamle mor: / Tre steinar til søster og fem til bror.” Ikkje fisk som i “Ro, ro til fiskeskjer!” men heller steinar for brød som det blir åtvara mot i Bibelen (Matt. 7.9). Det er litterær og folkeleg og religiøs tradisjon i eitt sydd saman på ein heller grotesk måte. Meir idyllisk kan slikt ta seg ut i andre samanhengar. I diktet “Smil” har ein fisk vore opp i yta, og ringane i vatnet spreier seg vakkert etter han som ein smil; “Så herleg / er det å bli borte,” seier diktet og minner om Vesaas-diktet “Båten og fisken” ( Liv ved straumen, 1970) der fisken òg blir borte og legg ein smil att etter seg: “smilet har fisken i halen” sluttar diktet. Dette er eit verkeleg intertekstuelt samband der det yngre diktet hentar næringfrå det eldre og gir ei forståing tilbake så dei to dikta kjem til å høyre saman for lesaren når han fyrst får auge på det.

Feiring av Einar Økland på Diktardagen 2018
Det er mykje god underhaldning i Einar Øklands underfundige og leikande poesi

Ein omtale av Munchs Skrik førekjem òg, i ei bok for ungdom (Svarte norske, 1997). Diktet har tittelen “Munch og ‘Skrik’”. Skriket høyrest ikkje lenger. Hadde Munch levt no, hundre år etter, ville han kanskje heller ha halde hendene “hardt / for augo”.

Saker. Då er vi komne til det Økland kallar “saker”. Som kan dreie seg om politikk, religion, moral, media, moromenn, og institusjonalisert humor, kritikk, ironi osv., t. d. i fjernsynssendingar. Sekvensoverskrifter som “Valtid” finn vi i Romantikk, fylgde av “Usaker og “Røyster som ikkje tel”. Også “politikaren” med sin “smilande politikk”, og “Fredspresten”, ”Kvifor skulle ikkje presten velsigne våpna?” begge i Etter Brancusi, seier òg sitt.

Feiring av Einar Økland på Diktardagen 2018
Einar Økland ved morelltreet i museumstunet

Lyriske kortdikt, vakre og vridde. Vandreduene har undertittelen “Lyriske stykke” – apropos musikk –. I Blå roser finst ein bolk med 24 vakre kortdikt, kvart på fem linjer som liknar kvarandre i stemning, men elles formidlar til dels ulike og til dels kritiske haldningar. Også i Etter Brancusi – for tida min personelege favoritt mellom Økland-bøker – har vi framifrå velgjorde kortdikt.

Og i Smil utan smilar (2011, til dels upåliteleg tittel) ei gruppe kjærleiksdikt eller samlivsdikt for eldre som eg naturleg nok set svært høgt.

På framhaldsskulen vinteren 1953–54 las eg for fyrste gong i ei bok med tittelen Boksoge Ei setning hugsar eg derifrå: “Vinje var mangslungen og skiftande”. Setninga klang fint og kling enno. Økland er òg skiftande i det at han kan skifte fritt mellom former og genrar, men alt han skriv er umiskjenneleg øklandsk. Ordet “mangslungen” med sin fine innrimsklang gjorde det for meg med Vinje. Og kven høver det elles på? Eg tillèt meg å å slutte med dette: Poeten Einar Økland er mangslungen og skiftande.