Diktartavla til Einar Økland

Diktartavla til Einar Økland

Olav H. Hauge-senteret og Hardanger folkemuseum heidrar Einar Økland med Diktartavla 2018. Når Økland får si diktartavle på Diktarstien på Utne i juni, er nok eit viktig lyrisk forfattarskap på plass i rekka av sentrale poetar i vår tid.

Programmet startar i museumstunet der Einar Økland legg ned dikttavla. På museet vert det konsert med Cecilie Anna, songar og låtskrivar frå Stord, samt høve til å bli kjend med Øklands forfattarskap.

Einar Økland har gjennom eit langt forfattarskap markert seg som ein av våre fremste lyrikarar. Etter debuten med diktsamlinga Ein gul dag i 1963 har han gitt ut over 80 bøker i dei fleste sjangrar. Blant dei over 20 av diktsamlingane er fleire lyrikk for barn og unge. Økland har motteke ei rekke prisar for forfattarskapen sin og fekk Brages heiderspris i 2015. Sjølv seier han at han skriv helst dei bøkene han reknar med at ingen andre kjem til å skrive.

– Økland har alltid funne sine eigne vegar i det lyriske landskapet. Han kan vere leiken, fabulerande, ironisk og satirisk, og utforskar stadig det poetiske språket. Einar Økland har ein sjølvskriven plass på Diktarstien, seier dagleg leiar Geir S. Netland på Hauge-senteret.

Som diktar, dramatikar, roman- og sakprosaforfattar, essayist, novellist og kritikar, er Einar Økland ein av dei mest allsidige nolevande norske forfattarane. Gjennom eit omfangsrikt forfattarskap har han belyst mange tema i norsk kulturhistorie generelt og skriftkultur spesielt. Økland har gjort eit viktig arbeid med å modernisere barne- og ungdomslitteraturen gjennom å viske ut skillet mellom barn, unge og vaksne lesarar.

Når Økland mottek prisen på Utne laurdag 16. juni, går han inn i rekka av markante poetar som Olav H. Hauge, Halldis Moren Vesaas, Jan Erik Vold, Kolbein Falkeid, Eldrid Lunden, Jon Fosse, Cecilie Løveid og Øyvind Rimbereid. Diktarstien utgjer no ei vakker hellegang med 26 dikttavler og som prydar det flotte museumstunet på Hardanger folkemuseum.