– Det er vanlige menneskers hverdag som opptar meg mest

«I går kveld var Stig Holmås her. Han er alltid venleg. Talar helst um Lenin og dei karane, samlar visst alt av sosialistlitteratur. Han kom med tvo diktsamlingar (sine eigne) som han gav meg. Dei kjem i fleire upplag, dei unge dyrkar Stig Holmås.» Dette skreiv Olav H. Hauge i dagboka si 11. november 1972. Åtte år seinare var den engasjerte bergensaren aktuell med boka «Folket som alltid lengter», og vart i det høve intervjua av BT.

Eg, eit forferdelig redd menneske

– Eg har opplevd ein heilskap som det er vanskeleg å setja ord på. Sett at kvar og ein av oss er berre ein liten prikk i det store, men ein svært viktig prikk. Mykje av det eg skriv er sterkt religiøst – om det kan henda ikkje kjem så klårt fram. Eg opplever ei samkjensle med naturen, då er du heile tida inne i eit sterkt spenningsfelt som fyller deg med respekt for det store kring deg og med ei kjensle av ansvaret ved å vera eit menneske inne i det heile.

"Mest som Frode Grytten"

Litteratursymposiet finn stad i Odda denne helga, der Grytten er med på ikkje mindre enn ti programpostar. Hausten 1983 debuterte Grytten med diktsamlinga "Start", 22 år gamal. I dette intervjuet med Jan H. Landro frå same år fortel han mellom anna om korleis han henta inspirasjon frå rocke-tekstar. Grytten har seinare delteke i fleire musikalske prosjekt og er for tida aktuell med romanen "Brenn huset ned", ei kjærleikserklæring til det legendariske punk-bandet The Clash.