Samtaler med Kafka av Gustav Janouch
Foto: Hauge-senteret

Samtaler med Kafka av Gustav Janouch

"Kafka er ein av dei eg set høgst", skriv Olav. H. Hauge i dagboka si i september 1991. Vi finn fleire bøker av Franz Kafka i boksamlinga til Hauge. Men vi finn også "Samtaler med Kafka" av Gustav Janouch.

Gustav Janouch var son til ein kollega av Kafka i forsikringsselskapet, og i Samtaler med Kafka har han skrive ned samtaler han hevder å ha hatt med Kafka gjennom åra.

Når eg skriv «hevder» er det fordi Janouchs bok har fått eit litt frynsete rykte: Boka blei publisert ei god stund etter Kafkas død, og etter at Kafka hadde blitt berømt. Såg Janouch sitt snitt til å gjere eit skup? Er det Janouchs eigne tankar som fyller boksidene? I så fall var Janouch ein skarping, for her er det ikkje langt mellom gullkorna. Sannsynlegvis er boka ei blanding: litt Janouch og mest Kafka (eller omvendt...). Det som uansett er sikkert, er at Hauge har lese boka og funne ting som interesserer han – han har gjort fleire understrekingar. 

Tekststaden eg har valt å vise her er bokas siste; noko Kafka skal ha sagt til Janouch ein gong dei ”gikk over den regntunge Teinhof” (eit marked i sentrum av Praha, min merk.):

livet er like umåtelig stort og dypt som stjernenes avgrunn over oss. Vi kan bare se det gjennom et lite kikkhull – vårt eget personlige liv. Og da aner man mer enn man ser. Derfor må man holde kikkhullet rent.

Det er godt sagt! Dessutan får det meg til å tenkje på eit dikt Hauge har skrive, det er henta frå «På Ørnetuva» (1961) – samlinga Hauge fekk kritikarprisen for

 

Eg dreg ifrå glaset

Eg dreg ifrå glaset fyrr eg legg meg,

eg vil sjå det levande myrkret når eg vaknar,

og skogen og himmelen. Eg veit ei grav

som ikkje har glugg mot stjernone.

No er Orion komen i vest, alltid jagande -

han er ikkje komen lenger enn eg.

Kirsebærtreet utanfor er nake og svart.

I den svimlande blå himmelklokka

ritar morgonmånen med hard nagl.

 

Kafka kan du lese meir om i denne Månadens bok. Og koplinga mellom Kafka-sitatet og Hauges dikt? Jau, den kjem eg tilbake til i næraste framtid.

 

Formidlar ved Hauge-senteret, Ragnhild Nabben