Færøysk lyrikk

Færøysk lyrikk

I 1974 sende Knut Ødegård samlinga Færøysk lyrikk til Rossvoll i Ulvik, med helsing til Olav H. Hauge. Boka til Ødegård var den første gjendiktinga gjort av Færøysk lyrikk til nynorsk. Nokre år seinare skriv Hauge i dagboka si;

«Ser igjennom Færøysk lyrikk utvalet Knut Ødegård sende ut i 1974. Godt! Og språket til Ødegård er mykje betre enn det dei unge skriv i dag, det er god norsk.»

Dagbok, 9. juli 1978

Same året reiser Olav og Bodil til Færøyene. Då dei går i land i Tòrshavn skriv Hauge;

«Attende til Tórshavn. Storm. Sjeldan på denne tidi, segjer folk. Då
me gjekk ut frå Klaksvik, slo sjøspruten yver båten, endå han var høg. Eg
kom i prat med ei gamal kona. Ho sa nokre einfelde setningar på færøysk
som eg forstod. Då me hadde snakka ei stund, sa ho at ho høyrde eg var
islending. Slik er det, når ein brukar heimemålet reint utan å blunka, og
det gjer eg alltid. Og vert alltid godt skyna av folk her nord.»

Dagbok, 1978

Hauge likte godt både folk og natur på den vêrharde øya i vest. Det kan vi lese fleire stader i dagbøkene. Han hadde kunnskap om både diktarkunsten og geografien – det ser ein tydelege spor av på omslaget til Færøysk lyrikk. Her har Hauge sjølv notert ned namna på dei ulike øyane.

 

Færøysk lyrikk
Færøysk lyrikk

Eitt av dikta Hauge merka seg særskild i samlinga til Ødegård er av diktaren Steinbjørn B. Jacobsen. I følgje Hauge ein av dei tre store i færøysk litteratur, saman med Christian Matras og Karsten Høydal. Hauge helsa sjølv på Jacobsen då han var på Færøyene i 1978. Og i dagboka skriv han :

«Me møtte att Einar Bragí då me kom til Tórshavn.
Eg kjøpte Færøysk-dansk orƒabok. Dessutan Færøsk Antologi I–II, av Hammershaimb. Og ymse små færøyske bøker, Kvæƒi Visur Táttar, Nólsøyar
Páll: Tættir. Bodil fekk Kjökr av Steinbjørn Jacobsen, og meg gav han
ein årgang av Varƒin. Då eg kjøpte bøker hjå bokhandlaren i Tórshavn, gav
han oss tvo diktsamlingar av Chr. Matras attpå. Det var raust bokhandlar!
Dei har gode lyrikarar. Færøysk lyrikk, utvalet som Ødegård har gjort,
viser det. Ein yngre mann, Steinbjørn Jacobsen er ein ekte diktar.»

Dagbok, 1978

 

Færøysk lyrikk
Dikt

44 år etter at den unge Ødegård sende si gjendikting til diktarhøvdingen på Rossvoll, kjem han sjølv til Ulvik. Under Ulvik poesifestival møter vi Knut Ødegård si dikting i fleire programpostar, mellom anna i eit poetisk ordskifte med Øyvind Berg og Cecilie Løveid.