Emily Dickinson
Foto: Hauge-senteret

Emily Dickinson

2. juni 1973 skriv Olav H. Hauge i dagboka si;

«There is no frigate like a book,

To take us lands away,»

segjer Emily Dickinson. Og det er sant, so sant.

 

Hauge skriv vidare;

«Sit og ser i A Peculiar Music, eit utval av Emily Brontës dikt, med innleiding

av Naomi Lewis. Eit ypperleg utval! Og ei fin innleiding.

Merkeleg, båe heiter Emily; båe like einslege, båe so ville og sterke i

viljen og ånds eldrift. Dei høver godt saman i bokhylla, Emily Brontë

og Emily Dickinson.»

Diktet «There is no frigate like a book” av Emily Dickinson var første gong publisert i bind I av Letters frå 1894, og ikkje i ei diktsamling. I boksamlinga til Hauge finn vi fleire bøker av den amerikanske poeten som diktaren frå Ulvik sette så høgt. «Av alle diktarar eg har lese, har eg vel lika Emily Dickinson best» skriv Hauge i dagboka.

I 1961 publiserte Thomas H. Johnson ei samling utvalde dikt av Dickinson i boka Final harvest : Emily Dickinson`s poems. 575 dikt av Dickinsons 1776 dikt er med i denne samlinga. Hauge har eit eksemplar av boka og på første side har han skrive : «There is no frigate like a book». Når eg finn sjølve diktet på side 267 i samlinga ser eg at Hauge har gjort understrekingar i diktet òg. Kvar linje i diktet er understreka med den raude pennen.

Emily Dickinson
Emily Dickinson

Mykje tyder på at dette var eit dikt som Hauge hadde hjarta nær. Kanskje var det eit dikt han kunne kjenne seg att i ? Diktaren frå Ulvik hadde ei boksamling rikare enn dei fleste, med stor litteratur frå nær og fjern. Hauge var bunden til Ulvik og til Hakastad, likevel reiste han – gjennom bøkene sine.

«There is no frigate like a book, to take us lands away» skreiv Emily Dickinson. “Tanke og draum er himmelske køyrety” skreiv Olav H. Hauge. Eg vil tru dei hadde reist fint i lag desse to.

 

There is no Frigate like a Book

 

There is no Frigate like a Book

To take us Lands away

Nor any Coursers like a Page

Of prancing Poetry –

This Traverse may the poorest take

Without oppress of Toll –

How frugal is the Chariot

That bears the Human Soul –

 

Emily Dickinson