Hauge si lesing av Bibelen

Hauge si lesing av Bibelen

Blant alle bøkene til Hauge finn me også Bibelen. Han har skrive namnet sitt i han 6.10 1922. Då var han 14 år gamal, og det er nærliggjande å tenkja at dette er konfirmasjonsbibelen hans. At han har lese ein heil del i boka kan me sjå, både i understrekingar og margnotat i sjølve bibelen, men også gjennom det han skriv om bibelen i dagboka si.

«Bibelen er det sentrale verk for oss europearar og me kan ikkje forstå vår soge, vår kultur, vår tenkjing, vår kunst utan å granska bibelen, og prøva gjera oss upp ei meining kva grunntankar han ber fram», skriv han i 1952.

For Hauge er Bibelen eit heilt sentralt verk i kulturtradisjonen vår, og ein kan ikkje forstå verken litteratur eller kunst utan å ha kjennskap til bibelen. Ein av bibeltekstane som Hauge i likskap med andre kunstnarar let seg fascinera av er Jobs bok. Jobs bok er eit poetisk læredikt frå Det gamle testamente som stiller spørsmålet «kvifor skal den rettskafne lida?», og diktet tilhøyrer visdomslitteraturen. I dagboka skriv Hauge ned tankane sine om dette verket:

«JOBS-BOKI Her finn ein noko av den veldigaste poesi som finst. Kap. 38,39, 40 og 41 er mektige dikt. Her finn ein upphavet til Vesaas dikt, «Stolpen». Han set her fram dei lovene som er framsette i desse kap.. Kap. 40 og 41 er um elvhesten. Det er eit mektig dikt. Her er vel upphavet til Blakes vedunderlege «The Tiger». Eit anna dikt av Vesaas, «Ormens veg over berget», finn me upphavet til i Salomons ordtøke. Altso, ein lyt kjenna bibelen skal ein skyna seg på litteratur. Dette gjeld både gamal og ny litteratur», Hauge i dagbok 1952.

Fleire stadar i sin eigen bibel har han notert «Blake» når han kjenner att eit fragment som den britiske diktaren og kunstnaren William Blake (1757-1827) refererer til i dikta sine. Han syner også i dagboka si til Blake som har sagt at bibelen er den beste lærebok i diktekunst. Men det er ikkje berre litterære studiar som driv Hauge til å lesa i bibelen.

Rundt 1952 ser det ut til at Hauge les mykje i skrifta, og han skriv lange avsnitt om det i dagboka si. Dette er tida etter at diktsamlinga «Under bergfallet» kom ut, og Hauge var svært kritisk til sitt eige verk og til seg sjølv som diktar. No nyttar han ikkje berre bibellesinga som eit bakteppe for å forstå kunst og litteratur, han finn også leveråd her. Særleg festar han seg ved Salomos ordtøke frå Det gamle testamentet. Han har streka under sitat som «Fyre undergang gjeng ovmod, Og stormod fyre fall», (Salomos ordtøke 16,18), og «Daaren bryr seg ikkje um aa vera vitug, Men vil berre visa kva som bur i honom» (Salomos ordtøke 18,2). Hauge grublar over desse visdomsorda, og han vender dei mot seg sjølv:

«Og eg fester meg serleg med alt snakket um dåren og hans liv. For eg er sjølv dåren. Er og vert. Dåren. Salomon segjer meg sanningi. Som livet alt har gjort mange gonger. – Men ein freistar ljuga det burt og løyna det, både for seg sjølv og andre. Dåren har berre lyte, og hans liv er fåfengd, han haustar armod og vesaldom, og er til sorg og skam for seg sjølv og andre».

Hauge si lesing av Bibelen
Bibelen - Salomos ordtøke

Seinare har han ein større kritisk distanse til bibelen, og til korleis bibelen har påverka europeisk kultur og politikk:

GRUNNLAGET Grunnlaget for europeisk kultur og politikk er Bibelen. Ikkje nett Det nye testamentet, men Det gamle. Læra i Det nye testamentet har berre vore som ein finpuss, eit ytre skin; det er i åndi til Det gamle testamentet politikken har vorte førd. […] Fyrstane har fylgt Det gamle testamentet. Før krig, slå i hel, legg under deg land i Herrens namn! Tilgjev aldri, hemn deg! Brenn dei, heng dei, hogg dei ned, dei stend Herren imot! Slå dei med jarnøksar, jag dei inn i tegelomnane, hogg hasone på alle hestane, slakt feet, brenn byane, spar ingen, ikkje kvinnor, ikkje born, ikkje gamle og ikkje unge! Dei er berre heidningar. Herren er blodtyrstig. Han vil ha blod!

(Hauge i dagbok, 1977).

Som det er med dei fleste av oss, så har nok Hauge hatt ulike motiv for å lesa i bibelen til ulike tider. Men konfirmasjonsbibelen hans fylgde han gjennom livet, og kristne motiv kjem også fram i diktinga hans, som i dette vesle diktet:

Framfor undergangen

 

Jesu ord

og Heraklits vassgraut

kan enno frelsa verdi.

So liketil er det.

(Janglestrå 1980)

Dette diktet har kollegaen min, Stein A. Hevrøy, fordjupa seg i, og han har prøvd å forstå korleis Hauge meiner at Jesu ord og Heraklits vassgraut kan frelsa verda. Det kan du høyra mei om under Ulvik poesifestival 7.-9. september!

Guro Ljone 12.4.18