"Lys reis deg"

"Lys reis deg"

Boksamlinga etter Olav H. Hauge inneheld ikkje berre bøker med trykt skrift. Det finst mykje som er understreka i bøkene, noko som vitnar om aktiv lesing. Det er også mange bøker med personlege helsingar til Hauge, slik tilfellet er med ei bok av Paal-Helge Haugen.

Paal-Helge Haugen (f. 1945) har ein sjølvsagt plass i Olav H. Hauge sine bokhyller. I tillegg til hans eigen omfattande poetiske produksjon, har Haugen mellom anna sett om kinesisk og japansk lyrikk, og han har skrive tekstar til forskjellige musikalske uttrykk. Arne Nordheim (1931–2010) er ein av dei komponistane han har samarbeidd med.

"Lys reis deg"
Bøker av Paal-Helge Haugen i boksamlinga etter Olav H. Hauge

I november 1979 skriv Olav H. Hauge dette om ei av bøkene til Haugen: «Fram i lyset, tydeleg, Paal-Helge Haugens diktsamling frå i fjor, vel noko av det mest sermerkte som har kome av diktsamlingar her i landet på lenge. Sval, objektiv. Tema og form gjenomlyst med fin intelligens.» Om vi ser på eit av dikta, her i utdrag, kan vi få eit inntrykk av Haugens klare språkføring:

 

(nesten usynleg)

og likevel

finst kjærleiken

overalt: i små nisjar

og avkrokar i landskapet

klar til å strøyme ut

 

ofte stukken ned eller overkøyrd

dreg den seg tilbake inn

i sprekkane i muren og ventar

kjærleikens vesle reptil, alltid

klar til å skifte farge 

[…]

Paal-Helge Haugen, Fram i lyset, tydeleg, 1978.

Slike poetiske dropar kan vere gode å ha. Dei er ofte kloke påminningar i elegante drakter. For det er så lett å misse av syne nettopp det at «[…] likevel / finst kjærleiken / overalt: i små nisjar». Poesien kan få dette gløymte og vakre fram i lyset.

Les også Jan H. Landros intervju med Paal-Helge Haugen frå 1979 på nettstaden vår.