"Den som ikkje har lese Platon, er ikkje fødd"

"Den som ikkje har lese Platon, er ikkje fødd"

Poesien har lete seg inspirere av filosofien, og visa versa. Denne månadens drypp frå Olav H. Hauges boksamling er G. Lowes Dickinson: Plato and his dialogues

Fleire av dialogane vi har etter den mest kjende tenkaren nokosinne, Platon som levde i antikkens Hellas, handlar om litteratur og kunst. For Olav H. Hauge var Platon så viktig at han på eit tidspunkt skreiv følgande i dagboka si: «Den som ikkje har lese Platon, er ikkje fødd».

 

"Den som ikkje har lese Platon, er ikkje fødd"
Olav H. Hauge har teikna Platons holemyte i boka Plato and his dialogues

I kommentarverket Plato and his dialogues skrive av G. Lowes Dickinson syner margnotata til Hauge nokre av diktarane han hadde i tankane då han las om Platon: Paul la Cour (1902–1956), William Wordsworth (1770–1850), Karin Boye (1900–1941), Percy B. Shelley (1792–1822) og Henrik Wergeland (1808–1845). Desse kommentarane kan du lese sjølv på Digitalt museum der delar av boka er avbilda. Trykk på lenka her.