Seminarnettverk for poetisk tenking

Seminaret Poetisk tenking skal vera eit debattforum om lyrikk og lyrikksjangeren på Olav H. Hauge-senteret i Ulvik. Føremålet med seminaret er å formidla og debattera poesiens rolle som reflekterande samfunnsaktør, og er mynta på alle som er interesserte i samanhengen mellom poesi, tenking og samfunn. Tema skal vera skiftande, men tenking og refleksjon i lyrikken skal alltid stå sentralt. Seminaret er eit samarbeid mellom Olav H. Hauge-senteret og lyrikkfaglege miljø ved Universitetet i Bergen, Høgskulen i Hedmark og Universitetet i Oslo.