Temautstilling om Halldis Moren Vesaas

Temautstilling om Halldis Moren Vesaas

Den folkekjære diktaren, omsettaren og redaktøren Halldis Moren Vesaas har no fått eiga temaustilling på Hauge-senteret. Vi har ope tysdag til fredag 10:00-16:00 og søndagar 11:00-17:00! Berre kom innom!

Halldis Moren Vesaas har vore ein folkekjær forfattar i Noreg sidan ho debuterte med Harpe og dolk i 1929. Det mest kjende diktet hennar, «Mi inste grind», er frå denne samlinga.

Halldis Moren Vesaas var også redaktør for fleire utgivingar, og ein svært aktiv omsettar. Ho sette til dømes om kjende drama av Jean-Baptiste Molière, William Shakespeare, Johann W. Goethe og Bertolt Brecht.

For Olav H. Hauge var ho forfattarkollega, redaktør og venn. Dei hadde diktsamlingar av kvarandre med personlege helsingar i, og i dagbøkene til Hauge ho nemnt ei rekke gonger. 


Les meir om Halldis Moren Vesaas på allkunne.no

Kjelde:

Sigrid Bø Grønstøl: «Halldis Moren Vesaas», allkunne.no