ORDEFAR
Foto: Randi Annie Strand

ORDEFAR

Kva skjer når lyrikk spelar saman med andre kunstformer? Korleis kan lyrikk opplevast gjennom eit taktilt, visuelt språk? Kunstnar Randi Annie Strand stiller ut arbeid der skrift, språk og sanseerfaringar er sentrale element.

Randi Annie Strand er fødd i Ytre Namdal (1962), og bur og arbeider i Oslo. Ho er utdanna på Kunsthøgskolen i Bergen med hovudfag i grafikk i 1992, og på Kunstakademiet i Lisboa. Ideane hennar er realiserte i ulike medium og teknikkar, som grafikk, kunstnarbøker, installasjonar, land-art, foto og videoar. Ho har hatt fleire separat- og kollektivutstillingar i inn- og utland, og er kjøpt inn av institusjonar som Nasjonalgalleriet og KODE. Strand har lenge vore fasinert av bokmediet sitt kunstnariske potensiale.

Kunstnarbøker er ei form der boka utgjer eit sjølvstendig estetisk uttrykk. Slike bøker er ikkje berre tekst- eller bildeformidlarar. Ei kunstnarbok kan nemleg ha eit konseptuelt, teoretisk, materielt, sanseleg og språkleg innhald. Boka kommuniserer gjennom det visuelle, det taktile, det mekaniske, det litterære og det fysiske formatet. Skrift, språk og sanseerfaringar er ein raud tråd i Strand sine arbeid.

Då Strand er oppteken av boka som sanseleg og metaforisk objekt, er ofte skrift og teiknsystem ein del av det kunstnarlege uttrykket. Strand har utforska språkuttrykk ved å dvele ved dei visuelle og materielle eigenskapane til skriftspråk, for å prøve å opne for nye forståingar. Ho er oppteken av prosessane bak, og samanhengane mellom sansing og tenking, og kva fysiske handlingar ei lesing krev. Bøker har vore heilage av fleire grunnar. Strand ønsker å hente attende noko frå tidlegare tider då bøker var eit sjeldan handverk, og ein nærma seg bokobjektet med undring og vørdnad.

ORDEFAR er open tysdag til fredag kl 10 - 16 og laurdag og søndag kl 11 - 17. Utstillinga står fram til 22. september. 

ORDEFAR
Ordefar

 

For meir informasjon sjå kunstnaren sin eigen nettstad randistrand.no