Olav H. Hauge-senteret

Hauge-senteret gjev born og vaksne gode opplevingar av lyrikk og litteratur, kunst og musikk.

Olav H. Hauge (1908 – 1994) er ein av våre fremste lyrikarar i etterkrigstida. Han livnærte seg som fruktdyrkar og debuterte som forfattar i 1946. Frå heimen på Rossvoll i Ulvik skaffa han seg vidt utsyn og store kunnskapar. Han gav ut fleire samlingar med gjendiktingar av engelsk, fransk og tysk lyrikk. Hans eigne dikt har også nådd langt ut i verda, og gjendiktingane er komne på eit kvart hundre språk.

Hauge-senteret ligg vakkert til på Brakanes ved Ulvika-fjorden. I tillegg til å bli kjend med Olav H. Hauge sitt liv og verk kan du oppdage lyrikk i mange former på nye og spennande måtar. Senteret inneheld utstillingar, lyrikkbibliotek, poesiverkstad og museumsbutikk. I kjellaren ligg Den grøne kafé.

Utstillingane opnar for fleire sansar med installasjonar om lyrikk og litteratur som du både kan sjå, høyre og ta på. Første høgda i Hauge-senteret er tileigna Olav H. Hauge sitt liv og verk. Slå nummeret til Hauge på ein gamal bakelittelefon og Hauge svarar sjølv med eit dikt. Andre høgda er tileigna den mangfaldige lyrikken. I Lyrikkbiblioteket kan du oppdage all verdas lyrikk – presentert som skattar i skattekister. I Poesiverkstaden kan du lata deg inspirere til å skrive dikt sjølv, om du står fast har kjende poetar laga gode skrivetips til deg. Kunnskapsrike omvisarar tek deg med i utstillinga og gjev deg forteljingar til undring og ettertanke.

Kattejakta er eit aktivitetstilbod for dei minste. Katten til Hauge har gøymt seg fleire stadar i utstillinga. Gjennom å fylgje kattespora finn ungane katten på uventa stadar, og blir samtidig kjende med både Hauge og katten. Ved fullført kattejakt ventar det ein skikkeleg kattepremie i resepsjonen. 

Hauge-senteret byd på eit breitt og spennande kulturprogram gjennom heile året for born og vaksne. Høgdepunktet er Ulvik poesifestival som vert arrangert annakvart år. Neste festival vert i september 2016. Ulvik poesifestival presenterer eit mangfald av nasjonal og internasjonal poesi, både originalverk og gjendiktingar, gjennom arrangement på høgt kunstnarleg og fagleg nivå, med eit program der alle interesserte kan finne arrangement som høver.

Museumsbutikken på Hauge-senteret har eit breitt utval i Olav H. Hauge-titlar, samtidslyrikk og nynorsk litteratur for born og vaksne. Hos oss kan du oppdage nye og spennande gåveartiklar til både små og store i alle prisklassar. Kjøkenglas med Hauge-sitat, magnetpoesi med Hauge og Aasen, Jakob og Neikob-kopp og bøker er noko av det du kan finne i hyllene våre.

Den grøne kafé ligg i kjellaren på Hauge-senteret og vert drive av Paul Richards. Dei tilbyr varme og kalde rettar med innslag av kortreiste spesialitetar. Skin sola, er kaféborda på kaien ein fin stad å setje seg ned med ei god bok eller eit litteraturtidsskrift.

Velkomen til oss og ta gjerne kontakt for meir informasjon.

E-post: admin@haugesenteret.no

Telefon: 56 52 70 70
Post: Olav H. Hauge-senteret, Promenaden 7, 5730 Ulvik
    Artikkellesar