Omvisingar
Kunnskapsrike omvisararFoto: Ingvil Skeie Ljones

Omvisingar

Vi tilbyr omvising for grupper. Ei omvising i utstillinga på Hauge-senteret gjer at publikum får meir ut av ei vitjing. Ei vanleg omvising varer kring 30 minutt, men det er sjølvsagt problemfritt å få kortare eller lengre omvisingar, dersom det er ønskjeleg. 

Filmframsyning av filmen Ordmeisteren er tilgjengeleg for grupper. I filmen Ordmeisteren møter vi gartnaren og lyrikaren frå Ulvik i Hardanger heime i tunet på Hakastad. Det er Hauge sjølv som fører ordet. Han fortel og les dikt, og tek oss med i hus og hage. Vi møter naturen og kvardagen som inspirerte han og bokhyllene hans fulle av verdslitteratur. Filmen er eit kort møte der Hauge tek oss med inn i si verd. Fokus er på kva han seier om det å skapa. Filmen er laga av Randi Storaas.

Ta kontakt med oss på tlf 56 52 70 70 eller admin@haugesenteret.no.