Skular og barnehagar
Foto: Ingvil Skeie Ljones

Skular og barnehagar

Me tilbyr eigne omvisingar som er godt eigna for skuleelevar. Dei ulike opplegga tek om lag 90 minutt, men me kan tilpassa lengda etter det som høver best for dykk.

Vidaregåande opplæring og folkehøgskular:

Hauge-senteret er Noregs einaste museum for lyrikk. Me tek utgangspunkt i omgrep som estetikk og poesi, og bryt dei ned til praktiske oppgåver og nye opplevingar på Hauge-senteret. 

8. klassar: "Ein tanke slo meg her um dagen"

Den unge Hauge

Elevane får bli kjend med den unge Hauge som aller helst ville lesa og skriva. Som 15-åring skreiv Hauge den fyrste linja i dagboka si «Ein tanke slo meg her om dagen». Det vart starten på eit langt, litterært liv.

Poesiverkstad

I poesiverkstaden på Hauge-senteret får elevane bli med inn i den fantasirike verda som poesien er. Elevane får møta dikt i mange ulike former, og får spennande og utfordrande oppgåver for å hjelpa dei til å skriva dikt sjølv.

I samarbeid med Sparebanken Vest er det fri inngang for 8. klassar frå Hardanger og Voss, og me sponsar delar av reisa til Ulvik. 

Andre trinn i skulen:

Me kan skreddersy omsyningar og aktivitetar i poesiverkstaden til alle klassetrinn, og til fleire fag. 

Barnehagar og 1.-2. trinn:

Kattejakta

Katten til Olav H. Hauge har gøymt seg fleire stadar i utstillinga. Gjennom å fylgja kattespora finn ungane katten på uventa stader, og blir samtidig kjende med både Hauge og katten. Når alle kattane er funne er det lesestund i kattekroken frå Olav H. Hauge og Bodil Cappelen sin ABC.

Tinging og prisar

Omvisingar kan tingast på e-post til formidlar Ragnhild Nabben på ragnhild@haugesenteret.no eller på tlf 51 11 53 32

For skular og barnehagar er det gratis å besøka oss. Lærarar og barnehagepersonale går fritt i følgje med klassen / gruppa.