Omvisning
Kunnskapsrike omvisararFoto: Ingvil Skeie Ljones

Omvisning

Ei omvising i utstillinga på Hauge-senteret gjer at publikum får meir ut av ei vitjing. Ei vanleg omvising varer kring 30 minutt, men det er sjølvsagt problemfritt å få kortare eller lengre omvisingar, dersom det er ønskjeleg. 

26. juni til 20. august

Omvising kvar dag kl 13.00. 

Filmframsyning av filmen Ordmeisteren. 

Grupper kan gjerne ta kontakt på førehand på tlf 56 52 70 70.

I filmen Ordmeisteren møter vi gartnaren og lyrikaren frå Ulvik i Hardanger heime i tunet på Hakastad. Det er Hauge sjølv som fører ordet. Han fortel og les dikt, og tek oss med i hus og hage. Vi møter naturen og kvardagen som inspirerte han og bokhyllene hans fulle av verdslitteratur. Filmen er eit kort møte der Hauge tek oss med inn i si verd. Fokus er på kva han seier om det å skapa. Filmen er laga av Randi Storaas.

20. august - 25. juni:

Omvising etter avtale på tlf 56 52 70 70 eller admin@haugesenteret.no.