For grupper
Foto: Ingvil Skeie Ljones

For grupper

Me tek gjerne i mot grupper på Hauge-senteret og kan tilby omvisingar i utstillinga, filmframsyning og aktivitetar i poesiverkstaden.

Ynskjer de å legga turen til Hauge-senteret kan me vera med å leggja til rette med eit opplegg som passar for dykk. Me har dyktige omvisarar som tek dykk med i basisutstillinga om Olav H. Hauge sitt liv og verk og lyrikk i mange former på tvers av språkgrenser.

Er de på jakt etter ein spennande og underhaldande aktivitet kan de utfalda dykk kreativt i poesiverkstaden vår – me syr saman eit passe utfordrande opplegg.  

Hauge-senteret sit på mykje spennande filmmateriale som kan gå inn i eit besøk hjå oss:

Ordmeisteren Hauge, 2013. 17 minutt

I filmen møter me gartnaren og lyrikaren frå Ulvik i Hardanger heime i tunet på Hakastad. Det er Hauge sjølv som fører ordet. Han fortel og les dikt, og tek oss med i hus og hage. Me møter naturen og kvardagen som inspirerte han og bokhyllene hans fulle av verdslitteratur. Filmen er eit kort møte der Hauge tek oss med inn i si verd. Fokus er på kva han seier om det å skapa. Utgangspunktet for filmen er foto-, lyd- og filmopptak frå ulike arkiv og private samlingar. Filmen er laga av Randi Storaas.

 

Olav H. Hauge – Den andre mannen, 2008. 57 minutt

Ein biografisk film og ei poetisk reise i Olav H. Hauge sitt univers. Denne dokumentaren fylgjer Olav frå han 15 år gamal startar å skrive dagbok og einsam fordjupar seg i verdslitteraturen, gjennom fleire år med psykiske lidingar og tvangsinnlegging til han gjennom diktinga si vinn livet tilbake og til slutt finn kjærleiken. Filmen har intervju med Jon Fosse, Einar Økland, Erling Lægreid m. fl.
Produsent Flimmer Film. Regi Vigdis Nielsen.

Dropar av eit diktarliv, 1988. 44 minutt

I denne filmen er det diktaren og venen Jan Erik Vold som intervjuar Olav H. Hauge. Filmen vart laga til Hauge sin 80-årsdag og vart vist på NRK. Utanom det har ikkje filmen vore vist offentleg før Hauge-senteret synte den våren 2013. Dei to venene og diktarkollegaene samtalar om liv og dikting.
Produsent TVP film- og videoproduksjon. Regi Turid Borgen og Hans Eirik Voktor.

Grønt ved fjorden, 1974. 22 minutt

Dette er ein presentasjon av Olav H. Hauge som vart laga av Den Norske Bokklubben. Den er spelt inn i mellom 8. og 11. juni 1974, og inneheld forutan Hauge som les dikt, ei rekkje eksteriørbilete frå Ulvik og området rundt. Filmen er redigert av Erik Solbakken.

Ta kontakt med formidlar Ragnhild Nabben om du ynskjer å tinga eit besøk:
tlf.: 51 11 53 32, e-post: ragnhild@haugesenteret.no 

Her finn du informasjon om prisar og opningstider