Poesi når krisa rammar

Poesi når krisa rammar

Hauge-senteret vitjar Litteraturhuset i Bergen og inviterer til lesing og samtalar rundt lyrikk og krise med Hildegunn Dale, Jo Eggen, Ingrid Nielsen og Sindre Ekrheim.

Hildegunn Dale, Jo Eggen og Ingrid Nielsen les frå sine siste diktsamlingar og samtalar med forfattar og bokmeldar Sindre Ekrheim om eiga dikting. Er det ein samanheng mellom det splitta og tvitydige i kriser og noko særmerkt i det poetiske språket? 

Hildegunn Dale er forfattar og redaktør, Ein halv dag (2015) er hennar sjette diktsamling. Jo Eggen er anerkjent både som lyrikar og gjendiktar og aktuell med diktsamlinga Ruindikt (2017). Ingrid Nielsen er litteraturvitar og forfattar, ho debuterte som lyrikar i 2016 med den kritikarroste Hemmelig, men aldri som en tyv.

Arrangementet finn stad i Boksalongen på Litteraturhuset i Bergen fredag 3. november klokka 20.00

110/85,– (stud.)