Haustprogrammet på Hauge-senteret

Ein etablert poet med ein forfattarskap prega av livs- og skrivelyst, og ein trubadur som har levert eit album som vert omtala som ein komande klassikar: Gro Dahle og Endre Olsen er blant høgdepunkta på haustprogrammet til Hauge-senteret.

Haustprogrammet på Hauge-senteret
Onen 2 / 2018

Gro Dahle til Ulvik

«Det er som om språket tar fyr mellom Gro Dahles hender», har det vore sagt om diktaren Gro Dahle. Dahle er ei særeige stemme i norsk poesi, og har ein rik produksjon både av diktbøker og barnebøker. Siste diktsamlinga hennar «Søster» frå 2016 er ei sterk forteljing om søstrer og kva søsterskap kan vera. Dahle voks opp som einebarn, men seier at ho alltid har vore nysgjerrig på kva det er med søstrer. – Vi har lenge ynskt å invitera Gro Dahle til Ulvik, og endeleg klaffa det, seier formidlar Guro Ljone på Hauge-senteret. Gro Dahle les og samtalar med Guro Ljone 13. november på Drøs kafé.

Gro Dahle er ein ettertrakta lærar i kreativ skriving, og i Ulvik vil ho også halda skrivekurs for vaksne.

 

Ein komande klassikar

Då Endre Olsen i vår gav ut første albumet sitt på norsk, «Bøttevis med blått», vart det omtala som ein komande klassikar. No tek han turen til Ulvik og er med å sparka i gang det årlege Fruktsleppet og Oktobertorget 5. oktober på Lekve gard. Han hentar inspirasjon frå begge sider av Atlanteren: amerikansk køntrinerve i kombinasjon med britisk popteft. Han kjem til Ulvik med fullt band, musikarar som er kjende frå andre konstellasjonar i Bergens musikkscene. – Dette må publikum verkeleg få med seg!, seier Guro Ljone

 

Festivalvorspiel

Haustprogrammet startar 18. august med feiring av Hauges 110-ande fødselsdag og oppvarming til årets poesifestival. Inviterte er Anna Kleiva som har skrive diktsamlinga Drikkeviser frå Paris, og Mari Skeie Ljones fyrer opp stemninga med felespel. Det vert poesikviss med spørsmål som passar for både poesiproffar og for dei som trivst best i populærkulturen.

Kvelden startar kl. 19.00 på Drøs kafé med ei samling for dei frivillige og for dei som vurderer å melda seg som frivillig. – Vi vil gje litt informasjon om kva det inneber å vera frivillig, og ikkje minst vert dette ei sosial samkome med enkel servering før det heile brakar laus andre helga i september, seier festivalprodusent Jorid Lekve Eide.

Elles byr haustprogrammet på føredrag, temautstilling og juleprogram for både barn og vaksne. Klikk på bilete øvst i artikkelen for fullstendig program.