Songlyrisk vår på Hauge-senteret
Foto: Therese C. Wangberg, Anders Bergesen, Morten Krogvold, Helge Skodvin, Dei nynorske festspela

Songlyrisk vår på Hauge-senteret

Korkonsert med Benedicte Maurseth, møte med poeten frå Ål – Stein Torleif Bjella, lansering av Olav H. Hauges ungdomsdikt «Seljefløyta», og Sidersleppkonsert med Frode Grytten Beat Band, er nokre av høgdepunkta på vårprogrammet til Hauge-senteret.

Vårprogrammet opnar laurdag 27. januar med «Voggesongar undervegs». Konserten er eit unikt samarbeid mellom Benedicte Maurseth, songkoret d’kor og ni innvandrarkvinner frå Ulvik og Voss. Voggesongar er ein del av folkesjela, og denne kvelden på Elvatun blir eit spesielt musikalsk møte mellom kvinner frå ulike kulturar, seier dagleg leiar for Hauge-senteret Geir Netland.  

Migrasong

Musikalske møter er også stikkord når Reidun Horvei presenterer «Migrasong» i Ulvik i februar. Framsyninga gir eit viktig innblikk i norsk utvandrarhistorie med songar som dirrar av heimlengt og fantasiar om det nye tilværet i Amerika.

Verdas poesidag

21. mars feirar Hauge-senteret Verdas poesidag. Med album som Heidersmenn, Heim for å døy og Gode liv er Stein Torleif Bjella kjend som ein av våre fremste musikarar. No har songaren og låtskrivaren debutert som poet. Diktsamlinga Jordsjukantologien kom hausten 2017 og kretsar om dei to store tragediane i livet: «tap av kjæraste og jordskifte». I Ulvik vert det eit nært møte med poeten Bjella. Han les eigne dikt og fortel om sitt forhold til Olav H. Hauges dikting. Bjella har òg med seg gitaren.

Seljefløyta

Bodil Cappelen har gjort eit utval av tidlege Olav H. Hauge-dikt i denne nye samlinga Seljefløyta. På slutten av 30-talet sende Hauge inn diktmanuset «Seljefløyta» til Norli forlag. Manuset vart refusert, men Hauge fekk fleire av dikta publisert i diverse tidsskrift og aviser. Boka inneheld 24 dikt henta frå det opphavlege manuset i tillegg til nokre dikt frå 1940–1979. Bodil Cappelen les frå Seljefløyta og held poesikonsert saman med felespelar Knut Hamre og sopran Ranveig Lægreid.

Sidersleppkonsert

Tradisjonen tru inviterer Hauge-senteret til konsert under det årlege Sidersleppet. Denne gongen er det Frode Grytten Beat Band som skal få sprengja korken. Bandet miksar eksplosiv poesi med songar av artistar som Talking Heads, Bruce Springsteen og The Velvet Underground– Amerika med vestlandsbeat!

Heile vårprogrammet finn du i Onen 1/2018 og i kalendaren