Seljefløyta
Foto: Olav H. Hauge-senteret

Seljefløyta

For første gong er Hauge sine tidlege dikt samla i bokform.

Hauge skreiv dikt frå ung alder, og fleire av desse fekk han publisert i ymse aviser og tidsskrift. I 1938 sende han inn manuset til ei diktsamling som han kalla Seljefløyta til Olaf Norlis forlag. Året etter kan ein lesa i dagboka: "Fekk att diktsamlinga Seljefløyta frå Norli. Dikta var gode, men knapt uvanlege, segjer dei. Venta ikkje betre heller". Manuset vart refusert, og det skulle gå åtte år før Hauge endeleg debuterte med samlinga Glør i oska i 1946. Berre nokre få av dikta frå Seljefløyta er med her.

I denne nye Seljefløyta som kjem ut på Samlaget er 24 dikt henta frå det opphavlege manuset. Med i boka er også einskilde dikt frå 1940-1979: Dei er kvasse og humoristiske kommentarar over livet og kvardagen. Bodil Cappelen har gjort utvalet når dette materialet no vert samla i bokform for første gong. Det er blitt ei vakker lita samling, og boka gir oss eit utfyllande bilete av lyrikaren Olav H. Hauge.

Hauge-senteret inviterer til boklansering på Voss kulturhus 26.april. Bodil Cappelen les frå boka og held poesikonsert saman med felespelar Knut Hamre og sopran Ranveig Lægreid. I samarbeid med Voss kulturhus. Sjå meir her.

Boka er tilgjengeleg i museumsbutikken på Hauge-senteret.