Hausten på Hauge-senteret

Hausten på Hauge-senteret

Poesinatt, ei natt i poesien teikn med unge norske poetar, litterær festkveld med Agnes Ravatn og Einar Økland og store konsertopplevingar med Elin Furubotn og Aasmund Nordstoga er noko av det du finn på programmet til Hauge-senteret denne hausten.

I november lanserer Hauge-senteret ein heilt ny programpost, Poesinatt, ei natt i poesiens teikn der unge, framifrå poetar les dikt inn i dei små timar. Det blir også ein litterær haustfest når Agnes Ravatn og Einar Økland kjem til Ulvik under det årlege fruktsleppet i oktober. Programmet opnar allereie førstkommande helg; 18. august står Felefylgje på scena med konserten Spelemannen i høve Olav H. Hauge sin fødedag.

Spelemannen

18. august er det 109 år sidan Olav H. Hauge blei fødd, og i år blir feiringa musikalsk. –Publikum vil blant anna få høyre heilt nye tonesettingar til Hauge-dikt, fortel Geir Netland, dagleg leiar ved Hauge-senteret. Dei unge, dyktige musikarane i trioen Felefylgje, Eirin Tjoflot, Marta Lindvik og Amalie Kinsarvik Tvilde, vil også framføre eigne tolkingar av tradisjonsmusikk frå Hardanger. Vi får høyre framifrå spel på hardingfele og toradar, det blir kveding og dans, og opptak av Hauge som les dikt.

Tid å hausta inn 

I forbindelse med det årlege fruktsleppet i Ulvik, inviterer Hauge-senteret til litterær haustfest med Agnes Ravatn og Einar Økland. Agnes Ravatn fortel om si nye bok, som mellom anna handlar om å flytte frå byen til landsbygda og bli næraste nabo med Einar Økland; ein av dei mest allsidige forfattarane i moderne norsk litteratur. Poet, essayist, kulturhistorikar og Hauge-ven. Økland les eigne dikt og fargelegg resten av kvelden med sprudlande anekdotar om Hauge og om det å hausta inn.

Konsertopplevingar  

– Songlyrikk på klingande rogalandsk frå Elin Furubotn og ein sæle jolekveld i Ulvik kyrkje med Aasmund Nordstoga, er to av høgdepunkta denne hausten, seier formidlar ved Hauge-senteret Ragnhild Nabben. Elin Furubotn er ein kritikarrost artist og låtskrivar kjent for å skildre kvardagen på ein underfundig måte. No er ho aktuell med plata «Ikkje gå deg vill». Furubotn er ein meister i å formidle, og med seg til Ulvik har ho ingen ringare enn Vamp-veteran Torbjørn Økland. Saman er dette ein sterk duo, med eit stort nærvær på scena – det er berre å gle seg! Den årlege julekonserten i Ulvik kyrkje er eit høgdepunkt for mange. I år er det Aasmund Nordstoga som skal setje oss i julestemning. Nordstoga byr på kjende og ukjende julesongar, framført med ein drivande nerve, djupt forankra i folkemusikken sitt tonespel. O sæle jolekveld!

Poesinatt: ny programpost i poesiens teikn 

Poeten Endre Ruset gir ut ny diktsamling i haust, og kjem til Ulvik saman med musikar Stian Omenås og kunstnar Karin Augusta Nogva. Dette blir ei heilt særeiga oppleving gjennom tonar, bilde og lyriske ord! I løpet av poesinatta får vi også besøk av unge, framifrå poetar som Linda Klakken og Paal Maage Elstad. Slow Food Hardanger byr på lokal mat og drykk, og det blir open mikrofon inn i dei små timane.

Heile programmet finn du i Onen 2/17 og i kalendaren