Felefylgje: Spelemannen

Felefylgje: Spelemannen

18. august feirar vi at det er 109 år sidan Olav H. Hauge blei fødd. Og feiringa blir musikalsk!

Folkemusikktrioen Felefylgje er sett saman av unge og dyktige musikarar frå Ulvik og Ullensvang: Eirin Tjoflot, Marta Lindvik og Amalie Kinsarvik Tvilde framfører tradisjonsmusikk frå Hardanger med eigne vriar, og ikkje minst rykande ferske melodiar til Haugedikt. Vi får høyre toradar og hardingfele, det blir kveding og dans. Velkomen til bursdagsfeiring!

Fredag 18. august kl. 20.00

Hauge-senteret

kr 250/150 (barn)

Billettar