Førpremiere på Den andre mannen i meg
Foto: Caroline Woie / NRK

Førpremiere på Den andre mannen i meg

26. november kl. 19.00 er det duka for førpremiere på filmen "Den andre mannen" i meg på Hauge-senteret. Dei som ynskjer å få med seg dette bør sikra seg billett på førehand.

TV-filmen Den andre mannen i meg er basert på Olav H. Hauge sine dagbøker frå perioden 1924-1994. Den prisløna skodespelaren Henrik Mestad, formidlar dei valdsame kreftene som prega Hauge sitt liv og diktariske univers. Teaterstykket Den andre mannen i meg har hatt ein formidabel suksess på Nationaltheatret i Oslo og på andre scener i Noreg. I TV- versjonen har utfordringa vore å skapa eit visuelt uttrykk som underbyggjer diktarens tankar og poesi. Hauge-senteret vil i samarbeid med NRK syna filmen for publikum i Ulvik før den har premiere på fjernsyn. Etter filmen vil dokumentasjonsansvarleg Stein Arnold Hevrøy samtala med Idar Stegane med utgangspunkt i filmen.

Førehandssal av billettar kr. 100 på Hauge-senteret
Me tilrår å sikra seg billett på førehand for å vera sikker på å få plass