Bloggen: Finn ein ny veg
Foto: Agurtxane Concellon

Bloggen: Finn ein ny veg

Dikting kan opne tilgrodde stiar og lage nye, skriv dagleg leiar ved Hauge-senteret Geir S. Netland i bloggen denne veka.

Mange opplever at dei kjem nærare kunstnaren ved å oppleva huset, naturen eller staden der diktinga blei til.

Språket finn mange vegar, bind oss saman, og fortel oss kven vi er. På denne tida, når vår brått har blitt sommar, finn mange vegen til vakre Ulvik i Hardanger. Sjølvsagt for å oppleve fruktbløming, fjord, fjell og vakker natur, men mange tek også turen fordi dei har funne ein veg gjennom språket. Diktinga til Olav H. Hauge har sett spor.

Folk i alle aldrar valfartar til Ulvik for å oppleve naturen og heimbygda til den folkekjære diktaren. Hauges dikt betyr mykje for mange. Lyrikk og poesi kan opne små og store dører i oss alle. Vi kan kjenne oss att i den vise diktaren sine vers der han stoppar opp med dei små og nære hendingane, naturen som talar til oss, fjella si standhaftige kraft, vatnet sine livgjevande krefter og årstidene si evige reise gjennom tida.

I Kulturhistorisk vegbok for Hordaland, drøfta litteraturprofessor Idar Stegane korleis landskap kan forme dikting. «Men den som framfor nokon har odla dette kulturlandskapet, både det ytre og det indre er, Olav H. Hauge. Han fører ein ny dimensjon til landskapet, og han gjev plass til ein djupare resonans». Stegane skriv dette i 1993, året før Hauge døyr. No, eit kvart hundreår seinare, viser tilstrøyminga til Ulvik og Hauge-senteret at det finst mange vegar til ein forfattarskap.

Mange opplever at dei kjem nærare kunstnaren ved å oppleva huset, naturen eller staden der diktinga blei til. I tilfellet Hauge er spora mange; han skriv om og til mektige fjell, elvar og fossar som fell i fjorden, og janglestrå som standhaftig står att etter ljåen.

På Jæren kan ein oppleve Arne Garborg sitt landskap. Det stig av hav eit alveland, der Haugtussa vandra med syner frå ei anna verd, med sakn, kjærleikslengt og varsel om død. Skrivestova Knudaheio gir utsyn til himmel, hav og hei. I Garborgheimen og på Garborgsenteret forstår ein meir av den pietistiske og traumatiske bakgrunnen til den store forfattaren og fritenkaren.

Andre finn vegen inn i dei djupe skogane på Hedmarken, der Hans Børli tok mange tunge tak og skreiv dikt der vi kan høyra suset frå skogen og oppleve tyngda av hardt fysisk arbeid.

På Hamarøy har Hamsun sett spor. Vi kan vandre i Pan, Benoni, Rosa, August, Edvarda, og Mack sitt rike, kjenne lukta av hav og høyre måseskrik gjennom sommarnatta som aldri tek slutt. Dette landskapet har også fått eit arkitektonisk landemerke i Hamsunsenteret.

Eit slikt landemerke finn ein også på Ivar Aasen sin fødestad, garden Åsen i Hovdebygda på Søre Sunnmøre, der Sverre Fehn sitt monumentale bygg har fanga Aasen si dikting og språkgjerning i eit nytt formspråk. «Arkitektur er menneskets skrift på jorden», har Fehn sagt. Der dikting og arkitektur møtest, kan nye språk opna seg.

Dikting kan opne tilgrodde stiar og lage nye. På Hardanger folkemuseum på Utne finn ein Diktarstien. For 25 år sidan gjekk smarte museumsfolk og kunstnarar saman om å presentera lyrikk og kunst i landskap. I dag kan ein vandre på stien gjennom det flotte museumstunet, omkransa av vakker natur, og oppleve poetiske verselinjer frå ei rekkje av våre mest kjende diktarar.

Ei reise gjennom språket og diktinga kan altså finne mange vegar. I vår hektiske tid der ferjer blir lagt ned fordi vi ikkje kan ta oss tid til ein ferjestopp og ein kaffikopp, forsvinn fleire og fleire møteplassar og rom for ettertanke. Det er lite poesi i ein undersjøisk tunnel. Men til Utne i Hardanger kan ein framleis ta ferje, enn så lenge.

Dei forfattarane som er nemnde her har alle fått sin plass i litteraturhistoria fordi det er kunstnarskap som har dimensjonar langt ut over det lokale. Krafta i språket deira reiser over landegrenser, gjennom tida og historia. Desse universelle vegane er ikkje underlagt samferdsleministrar eller byråkratar, og vil difor alltid finna vegen til hjarta våre.

Så bruk sommaren til å oppdage ein ny veg gjennom ytre og indre landskap.

 

Geir S. Netland

dagleg leiar Hauge-senteret