Verdas poesidag med Stein Torleif Bjella
Foto: Therese C. Wangberg

Verdas poesidag med Stein Torleif Bjella

Stein Torleif Bjella har debutert som forfattar med den kritikarroste diktsamlinga Jordsjukantologien. Når Bjella kjem til Ulvik på Verdas poesidag 21. mars blir det samtale, diktlesing og solokonsert.

Med album som Heidersmenn, Vonde visu, Heim for å døy og Gode liv er Stein Torleif Bjella kjend som ein av våre fremste musikarar. No har songaren og låtskrivaren debutert som poet. Diktsamlinga Jordsjukantologien kom ut på Oktober forlag hausten 2017, og har fått svært gode meldingar. Det er «jordskifte» og «tap av kjæraste» som peikar seg ut som hovudtema i boka. Ein bygde-tematikk mange kan kjenne seg att i, og som ein òg finn i visene til poeten frå Ål. 

Skulle vore eit godt menneske/ ikkje stunde etter meir./Sita på tunet./Rusle i skogen./Fiske fisken, skriv Bjella i eit av dikta i Jordsjukantologien. I Ulvik får publikum møte både poeten og songlyrikaren. Arrangementet blir innleia med ein samtale der Bjella les og fortel frå boka si. – Vi ser også fram til å høyre om hans nære forhold til Olav H. Hauge si dikting, fortel formidlar ved Hauge-senteret Ragnhild Nabben. Publikum får òg høyre vakre og kjende viser når songaren avsluttar kvelden med solokonsert.

Arrangementet er Hauge-senteret si feiring av Verdas poesidag. Dagen vart stifta av UNESCO i 1999, og har som mål å skape merksemd rundt poesi over heile verda. I fjor var det Jan Erik Vold som var heidersgjest i Ulvik.

Arrangementet finn stad på Syse Gard 21. mars kl. 20.00. For dei som er tidleg ute er det høve til å besøka gardsbutikken, og under arrangementet kan ein kjøpe fingermat og noko godt i glaset.

Billettar finn ein på haugesenteret.no