Timothy mister seg sjølv

Timothy mister seg sjølv

Torsdag 1. mars inviterer Hauge-senteret og Ulvik herad barnehagebarn og skuleelevar til ei tankevekkjande og morosam framsyning med barnebokforfattar Vegard Markhus.

Vegard Markhus har skrive og teikna biletbøkene Redd, Ei kjedeleg bok, Full fart og Epleslang. For Timothy mister seg sjølv som kom i 2009, fekk han Nynorsk barnebokpris. Når Markhus kjem til Hauge-senteret 1. mars er det med ei framsyning bygd på denne prislønte barneboka.

Timothy er ein middelaldrande mann som mister den eine kroppsdelen etter den andre. Det byrjar ganske forsiktig med at han mister ei tann, men så mister han armar og føtter òg. Til slutt er han berre eit trillande hovud som fristar å lime seg sjølv saman att! Når Markhus kjem til Hauge-senteret treng han hjelp med å finne dei forsvunne kroppsdelane, og å løyse eit kroppsdelspuslespel. Det vert òg høgtlesing og song. 

– I tillegg til å vere forfattar har Vegard Markhus mykje røynsle med formidling, både frå skulen og Den kulturelle skulesekken.Vi er glade for å kunne gi dette tilbodet til barn i Ulvik. Timothy mister seg sjølv er ei klok og forunderleg bok, med ein slutt som òg tek pusten frå vaksne lesarar, seier formidlar ved Hauge-senteret Ragnhild Nabben.

 

Arrangementet finn stad på Hauge-senteret torsdag 1. mars. Det blir ei framsyning klokka 10.00, og ei klokka 11.30.