Tid å hausta inn
Foto: Samlaget / Grethe Nygaard

Tid å hausta inn

I "Verda er ei skandale" har forfattar og essayist Agnes Ravatn flytta frå hovudstaden til vestlandsbygda Valevåg saman med mann og barn. Byleiligheita på Frogner er bytta ut med eit forfalle småbruk utan internett. Ho hauster, syltar, og traktar etter å lage det perfekte knekkebrød. I nabohuset bur ven og forfattarkollega, Einar Økland.

-Ravatn sine bøker er kjent for mange, og sentralt i dei alle er ein skarp og lun vestlandshumor som gir bøkene hennar eit sterkt særpreg. Skildringane hennar av livet i Valevåg og av alt det forunderlege naboen Einar Økland driv med, er både finurlege og tankevekkande, og rett og slett utruleg morosame, seier formidlar ved Hauge-senteret Ragnhild Nabben.

Einar Økland er ein av dei mest allsidige forfattarene i moderne norsk litteratur; kjent både som poet, essayist, kulturhistorikar og Hauge-ven. Publikum får høyre dei to naboane samtale om livet på landet, og Ravatn les frå «Verda er ei skandale». Resten av kvelden fargelegg Økland med høgtlesing av eigne dikt, og anekdotar og minne knytt Ulvik, Olav H. Hauge og det å hausta inn.

-Vi ser fram til ein litterær festkveld med to av våre mest populære og folkekjære forfattarar, og sidan det er Oktobertorg i Ulvik denne helga i er det naturleg å ta utgangspunkt Olav H. Hauge-diktet «Tid å hausta inn», seier dagleg leiar ved Hauge-senteret Geir S. Netland.

Arrangementet finn stad på Den grøne kafé fredag 6. oktober kl. 20.00