Seljefløyta
Foto: NK

Seljefløyta

Hauge-senteret ønsker hjartleg velkomen til lansering av Seljefløyta i Voss kulturhus 26. april. Med Bodil Cappelen, spelemann Knut Hamre og sopran Ranveig Lægreid.

Bodil Cappelen har gjort eit utval av tidlege dikt av Olav H. Hauge. Fleire av dikta publiserte Hauge sjølv i aviser og tidsskrift i 1930-åra. Utvalet inneheld også dikt frå det første samlinga som Hauge sende til Norlis forlag. Manuskriptet hadde tittelen «Seljefløyta» og vart refusert i 1939. I vår gir Samlaget ut desse tidlege Hauge-dikta for første gong i bokform. Bodil Cappelen les frå boka og held poesikonsert saman med felespelar Knut Hamre. Vi avsluttar med klassisk konsert der mellom anna Grieg, Sibelius og Händel står på programmet. Med sopran Ranveig Lægreid og pianist Mai Goto.

Arrangementet finn stad i Voss kulturhus torsdag 26. april klokka 19.00, og er i samarbeid med Samlaget og Voss kulturhus.