Poetisk stølstrim i Ulvik

Poetisk stølstrim i Ulvik

Ulvik Turlag arrangerer stølstrimmen kvart sommarhalvår. Turglade i alle aldrar blir oppmoda til å gå dei gamle buføringsstiane og oppdaga dei vakre stølane i dei nære fjellområda rundt Ulvik. På stølane finn turgåarane ein postkasse med informasjon frå Ulvik Sogelag om kva gardar som er knytt til stølen, om drift, stadnamn og historiske hendingar.

Olav H. Hauge-senteret er eit dokumentasjons- og formidlingssenter om den store diktaren sitt liv og verk og lyrikk i mange former på tvers av språkgrenser. Arbeidet til Hauge-senteret omfattar også aktiv kulturformidling til ulike aldersgrupper. Hauge-senteret har difor gjort eit utval av dikt, sitat og tankar omkring det å gå. Me håpar at desse korte tekstane frå ulike diktarar og tenkarar som du finn på stølane, vil inspirera fleire til å gå på tur og kanskje opna for litt poetisk refleksjon undervegs - la tanken gå! Du finn tekstane i postkassane på stølane.

- Deltakarkort er til sals på: Turistkontoret, Tenestetorget, Joker og Coop Pris kr. 100,-

- Du finn merketong ved postkassane på stølane.

- Premie til dei under 12 år som har vore på 7 stølar.

- Premie til dei over 12 år som har vore på 11 stølar.

- Bonuspremie til dei som har vore innom alle 16 postar.

- Innlevering av deltakarkort innan 19. oktober. 

- Turlaget oppmodar folk på tur til å skrive seg inn i bøkene i postkassane. 

 

Last ned filkart over stølane(1 2 2 0kb)