Plateaktuelle Elin Furubotn til Ulvik
Foto: Erlend A. Sæverud

Plateaktuelle Elin Furubotn til Ulvik

Den folkekjære artisten og låtskrivaren Elin Furubotn er aktuell med plata «Ikkje gå deg vill». Fredag 27. oktober står ho og Vamp-veteran Torbjørn Økland på scena i Ulvik med rykande ferske låtar.

Med underfundige tekstar henta frå kvardagen framført på klingande rogalandsdialekt er Elin Furubotn ein av våre fremste visesongarar. Furubotn skriv nært på røynda og livet, og låtar som «I det stille», «På bursdagen din», og «Så lett det kan ver» – ein smektande duett med Morten Abel, har vorte store radiohits dei seinare åra.

På si nyaste plate har Furubotn gått tilbake til røtene: «Ikkje gå deg vill» som kjem no i oktober er inspirert av det vakre fjellandskapet i Sirdal kor artisten sjølv tilbrakte store delar av barndommen.

Når Elin Furubotn og Vamp-veteran Torbjørn Økland står på scena i Ulvik, vil finslepne naturstemningar prege det musikalske uttrykket. Innimellom får vi også servert finurlege kvardagsbetrakningar om mellom anna ei mor som slepp sonen ut av redet og over i det sjølvstendige livet. Furubotn fangar lyttarane med fengande melodier og ei særeiga stemme, Økland lyfter melodiane endå eit hakk med framifrå spel på gitar, trompet og mandolin.

-Elin Furubotn har gjesta Ulvik og Poesifestivalen tidlegare og er ein fin formidlar som spelar på både humor og alvor i songane sine. Dei som finn vegen til Drøs kafé denne fredagskvelden får ei minnerik konsertoppleving, seier dagleg leiar ved Hauge-senteret Geir Netland.

 Arrangementet finn stad på Drøs kafe i Ulvik fredag 27. oktober kl. 20.00

Billettar finn du her