Ny temautstilling på Hauge-senteret

Ny temautstilling på Hauge-senteret

Kva skjer når lyrikk spelar saman med andre kunstformer? Korleis kan lyrikk opplevast gjennom eit taktilt, visuelt språk? Kunstnar Randi Annie Strand stiller ut arbeid der skrift, språk og sanseerfaringar er sentrale element.

Olav H. Hauge-senteret er eit senter for lyrikk i mange former og på tvers av språkgrenser. Den nye temautstillinga på Hauge-senteret syner bokkunst på nye måtar, og viser korleis lyrikk gjennom teiknspråk og blindeskrift kan skape nye estetiske uttrykk.

Kunstar Randi Annie Strand har lenge vore fasinert av bokmediet sitt kunstnariske potensiale. Kunstnarbøker er ei form der boka utgjer eit sjølvstendig estetisk uttrykk. Slike bøker er ikkje berre tekst- eller bildeformidlarar. Ei kunstnarbok kan nemleg ha eit konseptuelt, teoretisk, materielt, sanseleg og språkleg innhald. Boka kommuniserer gjennom det visuelle, det taktile, det mekaniske, det litterære og det fysiske formatet.

Skrift, språk og sanseerfaringar er ein raud tråd i Strand sine arbeid. Sidan ho er oppteken av boka som sanseleg og metaforisk objekt, er ofte skrift og teiknsystem ein del av det kunstnarlege uttrykket. Strand har utforska språkuttrykk ved å dvele ved dei visuelle og materielle eigenskapane til skriftspråk, for å prøve å opne for nye forståingar. Ho er oppteken av prosessane bak, og samanhengane mellom sansing og tenking, og kva fysiske handlingar ei lesing krev.

Temautstillinga opnar torsdag 11. mai, kl. 18:00. Kunstaren er tilstades under opninga.

Gratis inngong.