Musikalsk reise til det lova landet

Musikalsk reise til det lova landet

For 150 år sidan emigrerte mange nordmenn til Amerika. Songane dei hadde med seg frå heimlandet er hjartet i framsyninga Migrasong som Reidun Horvei med musikarkollegaer presenterer på Elvatun 14. februar.

Bagasjen til dei norske emigrantane som drog til Amerika for å søke lykka på slutten av 1800-talet, skulle ikkje vege meir enn 75 kilo. Eigedelar og handfaste minne frå heimstaden blei att heime, men songar tok dei med seg – for songane vog jo ingenting i gram. 

Det er desse songane, og dei nye songane som oppstod og vart skrivne der emigrantane slo seg ned, som er hjartet i framsyninga Migrasong – tonane dei bar med seg over havet. Når kvedar og songar Reidun Horvei står på scena i Ulvik i lag med gitarist Øyvind Lyslo og organist Per Inge Hove, får publikum høyre songar som dirrar av heimlengt, men òg songar som ber i seg fantasiar knytte til det nye tilværet. I tillegg nyttar framsyninga historisk materiale som tekst og bilete.

– Migrasong gir publikum innblikk i eit unikt kapittel i norsk-amerikansk historie. I tillegg kastar framsyninga lys på situasjonen for mange flyktningar i dag, både i Noreg og i andre land. Når menneske frå ulike delar av verda møtast oppstår det nye spennande uttrykk. Dette er ei aktuell og gripande framsyning som publikum kan glede seg til, seiar formidlar ved Hauge-senteret Ragnhild Nabben.

Migrasong – tonane dei bar med seg over havet, er skrive av Reidun Horvei som er kjend både som songar og kvedar. Horvei har turnert over heile landet, og har mellom anna vore engasjert i Festspela i Bergen, Hardingtonar, Hardanger Musikkfest og Osafestivalen. Ho har òg turnert i Europa, USA og Midtausten. Sidan 1992 har Horvei vore fylkesmusikar i Hordaland og sett saman fleire historiske framsyningar.

Arrangementet finn stad på Elvatun 14. februar klokka 19.00, og er eit samarbeid mellom Hauge-senteret og Ulvik Herad.