Lyrisk feiring av språkmangfaldet i Ulvik

Lyrisk feiring av språkmangfaldet i Ulvik

Målet med den internasjonale morsmålsdagen er å fremje språkleg og kulturelt mangfald. I poesibygda Ulvik gjer ein det ved å lese og å samtale om dikt på mange språk.

21. februar blir den internasjonale morsmålsdagen feira over store delar av verda. Dagen blei stifta i 2000, og har som mål å fremje og auke forståing for språkleg og kulturelt mangfald.

– Ulvik er ei bygd med innbyggjarar frå ulike deler av verda, og difor er her også eit stor språkmangfald. På morsmålsdagen inviterer vi alle som har flytta til Ulvik frå andre deler av verda til å presentere poesi frå heimlandet sitt, eller dikt dei har skrive sjølve, fortel formidlar ved Hauge-senteret, Ragnhild Nabben.

Hauge-senteret, Ulvik folkebibliotek og introduksjonsprogrammet for flyktningar på Hjeltnes vidaregåande skule samarbeider om feiringa som vert avslutta med språkkafé. – Vi sit i mindre grupper, drikk kaffi og snakkar om språk og poesi. Alle er hjarteleg velkomne, også dei som har norsk som morsmål, avsluttar Nabben.

Arrangementet finn stad på Ulvik folkebibliotek onsdag 21. februar klokka 13.00.