Lyrikkhistorie på Hauge-senteret

Lyrikkhistorie på Hauge-senteret

Hauge-senteret har fått på plass eit nytt element i basisutstillinga, nemleg ei tidslinje med døme frå lyrikken si historie. Lyrikklinja syner fram dikt i eit spenn på rundt 4000 år, frå Rigveda og Homer lenge før Kristi fødsel, til Inger Christensen og Kari Bremnes i vår eiga samtid.

«Ofte fangar sjøfolk, for å trøytte tida, / albatrossar, havfugl med eit veldig vengefang […]»

Det er poesien sjølv som no møter publikum i andre etasje på Hauge-senteret. Tjuefire døme frå lyrikken si historie har fått sin eiga tidslinje/sin eigen plass på veggen. Ein får vite meir om kva samanheng tekstane er skrivne i, om ein vel å opne baksida av dei lyriske døma. For den nye tidslinja kan bli bladd i – som ei bok. Her finn ein faktatekstar som seier noko om samtida til dikta, eller om kva som kjenneteiknar dikta. I tilfellet med sitatet over, gjeld kan faktateksten fortelje dette: «Diktet «Albatrossen» er henta frå Det vondes blomar skrive av Charles Baudelaire (1821–1867). […] I dette diktet er albatrossen eit symbol på poeten».

Sjølv om dei fleste lyrikkutdraga/lyrikkdøma er prega av eit europeisk blikk med klassikarar som Homer, Sapfo, Goethe, Shakespeare og Baudelaire, finst det også døme frå andre delar av verda, nemleg Midtausten, India, Kina, Japan, USA og Chile. Dei som kjem for å oppleve denne lyriske tidslinja vil også merke seg at det er få kvinner representert før byrjinga av 1900-talet. Frå då av er den likevel sterkt prega av gnistrande kvinnelege poetar, slik som norske Gunvor Hofmo.

Det nye utstillingselementet inviterer gjestene sjølv til å finne fram til fellestrekk mellom dei lyriske tekstane. Sambandet mellom musikk og lyrikk er truleg noko som får publikum til å sjå visse likskapar mellom til dømes Homer (ca. 700 f. kr) og Bob Dylan (fødd 1941), og Salmane i Bibelen og Gunvor Hofmo.