Luther: Europa i endring

Luther: Europa i endring

31. oktober, på dagen 500 år etter Martin Luther slog opp tesane på kyrkjedøra i Wittenberg, kjem historikar Sigrun Høgetveit Berg til Ulvik for å snakke om si nye bok «Reformasjonen». Allkunne-redaktør Per Magnus Finnanger Sandsmark byr på kulturhistorisk kviss.

I 1517 offentleggjorde Martin Luther tesane sine mot avlatshandelen og pavekyrkja. Dette vart det avgjerande skiljet i den prosessen vi kallar reformasjonen, ei rørsle som kom til å splitte den katolske kyrkja og teikne eit nytt europakart. Hauge-senteret vil markere hendinga med foredrag og kviss. 

Historikar Sigrun Høgetveit Berg er aktuell med boka «Reformasjonen». Det er den første samla framstillinga av reformasjonen i Noreg sett i ein europeisk kontekst. Med vidd og formidlingsglede fortel Høgetveit Berg om korleis kongen tok makt, og kvifor endringane var meir uførebudde og blei større i Noreg enn mange andre stadar.

– Europa endra seg då og har endra seg mange gongar sidan. På dei 500 åra sidan reformasjonen har land blitt danna og oppløyst, musikken har vore i stadig forandring og diktarar har kome og gått, seier Allkunne-redaktør Per Magnus Sandsmark som tidlegare har vore formidlar og festivalprodusent ved Hauge-senteret. Han lovar finurlege spørsmål og god stemning når han avsluttar kvelden med skreddarsydd quiz om historie, musikk, litteratur og geografi i Europa frå 1517 til i dag.

– De kan sjølve stille med eit lag på fire personar eller så finn vi eit lag til deg på arrangementet. Quizen er variert og alle skal kunne svare på nokre spørsmål, seier Per Magnus Finnanger Sandsmark.

Luther: Europa i endring finn stad på Drøs tysdag 31. oktober klokka 20.00

Arrangementet er et samarbeid mellom Hauge-senteret, Allkunne.no og Den kulturelle spaserstokken i Ulvik herad. Pensjonistar har gratis inngang.