Lansering av Tid for ti!

Lansering av Tid for ti!

Foreningen !les er ein av Noregs fremste formidlarar av litteratur. Dei står bak fleire årlege leseaksjonar – som skal få barn, ungdom og vaksne til å lese meir. Aksjonen Tid for ti 2018 er skreddarsydd for sjuande klasse, og har som mål å auke det språklege sjølvbiletet til elevane, og etablere betre haldningar til nynorsk. Hjartet i Tid for ti er ein antologi med utdrag frå ti nynorske bøker tilpassa målgruppa. Til kvart tekstutdrag finn ein spennande og kreative lese- og skriveoppgåver.

– Før jul blei 20 000 antologiar sendt til skular og bibliotek over heile landet. Vi har auka opplaget med 5 000 antologiar, og det har vore stor pågang for å delta i Tid for ti. Det er stort å få lansere aksjonen på Olav H. Hauge-senteret og vi gler oss til å kome i gang, seier prosjektleiar for Tid for ti i Foreningen !les, Ole Ivar Burås Storø.

Formidlar ved Hauge-senteret, Ragnhild Nabben, ser fram til lanseringa og meiner det gir elevar i regionen ein direkte veg inn i aksjonen. - Vi er glade for at Foreningen !les legg lanseringa av Tid for ti til Hauge-senteret. Å motivere barn og unge til å lese og å skrive, og gi dei eit godt møte med nynorsk, er ein viktig del av arbeidet vårt. I leseaksjonen blir litteraturen eit møtepunkt, og elevane får høve til å diskutere og tenke i forlenging av det dei les. Det skaper samhald, engasjement og leselyst, seier Nabben.

Prosjektleiar for aksjonen, Ole Ivar Burås Storø, kjem til lanseringa på Hauge-senteret 19. januar saman med forfattar Tor Arve Røssland. Burås Storø fortel om aksjonen og Røssland les frå den prislønte grøssaren Glimt. I salen sit sjette- og sjuandeklassingar frå Eidfjord, Granvin og Ulvik.

 

Følgande bøker er med i Tid for ti 2018:

Villheks – Eldprøva av Lene Kaaberbøl (Samlaget, 2012)

Snillionen av Arnfinn Kolerud (Cappelen Damm, 2017)

Apetryne av Atle Hansen (Samlaget, 2017)

Stamceller av Øystein Runde (Gyldendal, 2017)

Keeperen og havet av Maria Parr (Samlaget, 2017)

Motorsykkelmysteriet av Magnhild Bruheim (Samlaget, 2014)

Bestem deg, Tony T, bestem deg! av Erna Osland. Ill. av Sigbjørn Lilleeng (Samlaget, 2017)

Svikta av Bente Bratlund (Mangschou, 2017)

Hest, hest, tiger, tiger av Mette Eike Neerlin (Samlaget, 2017)

Glimt av Tor Arve Røssland (Samlaget, 2015)

 

Tid for ti blei starta i 2015, og er i samarbeid med Nynorsksenteret.

 

Les meir:

www.tidforti.no Om Foreningen !les

Foreningen !les er ein ideell organisasjon og blant Noregs fremste formidlarar av litteratur til barn, ungdom og vaksne. Les meir på www.foreningenles.no

Om Nynorsksenteret

Nynorsksenteret er eit nasjonalt ressurssenter for nynorsk i opplæringa, som utviklar og formidlar arbeidsmåtar som skapar språkkompetanse og motivasjon. Les meir på www.nynorsksenteret.no

 

Lanseringa er eit samarbeid mellom Foreningen !les og Hauge-senteret, og finn stad på Hauge-senteret fredag 19. januar 2018, klokka 12.30.