Konsert med Cecilie Anna på Diktardagen
Foto: Magne Langåker

Konsert med Cecilie Anna på Diktardagen

Når Einar Økland skal heidrast med Diktartavla under Diktardagen 16.juni, er det Cecilie Anna som står for det musikalske innslaget. Det er Økland sjølv som har handplukka låtskrivaren frå Stord.

Cecilie Anna frå Stord har motteke strålande kritikkar for sitt soloalbum «I’m Here» som kom i fjor. Øyvind Vågnes i Dag og Tid slår fast: «Cecilie Anna viser seg å vere ein oppsiktsvekkjande god komponist, tekstforfattar og songar.»

Meldar Petter Lønningen i BT brukte mest ei heilside på meldinga «Uventet lys i mørke», der han mellom anna skriv: «I’m Here er en personlig og meditativ plate, blottet for overflødig dikkedarer. Det er et album med enkle virkemidler, kompliserte følelser og en sterk visjon… Hun bringer med seg et lite lys som både varmer og viser vei.»

I 2016 platedebuterte Cecilie Anna saman med bandet sitt, Familieforetaket, med plata «Going North». Cecilie Anna og bandet held i desse dagar på med nye songar og innspelingar.

Diktardagen på Hardanger folkemuseum på Utne, startar kl. 14.30 med prisutdeling av Diktartavla 2018 til Einar Økland. Før konserten kl. 15.30 blir det ei kort innleiing av litteraturvitar Idar Stegane om Øklands lyriske forfattarskap. Einar Økland vil også lese utvalde dikt og lyriske tekstar frå sin rikhaldige produksjon.