Ferdaminne frå Troja til Vestlandet
Foto: Vinternatt i fjellene III av Harald Solberg

Ferdaminne frå Troja til Vestlandet

I den nye temautstillinga på Hauge-senteret utforskar vi korleis poesi blir brukt i ulike reiselitterære verk. Utgangspunktet er Aasmund Olavsson Vinje sine Ferdaminne frå sumaren 1860.

I år er det 200 år sidan Aasmund Olavsson Vinje vart fødd, og det er Vinje sine mangfaldige og rike reiseskildringar som har gjeve inspirasjon til temautstillinga «Ferdaminne frå Troja til Vestlandet». Med Ferdaminne skapte Vinje det første store litterære verket på nynorsk. I reiselitteraturen er derimot boka eit lite punkt i ei mykje eldre linje. Utstillinga syner korleis poesi blir brukt i ulike reiselitterære verk, frå Homers Odysseen til Erlend O. Nødtvedts Vestlandet.

– I Vinjes Ferdaminne frå sumaren 1860 er det som sjølve skrifta følgjer ferda inn på ein våg vi ikkje har visst om. Boka er eit sjangeroverskridande verk, her er forteljing, essayistens stendige søking, og markante innslag av poesi, seier Stein Hevrøy, dokumentasjonsansvarleg ved Hauge-senteret.

Utstillinga blir ståande til 12. oktober.

Bli med på ferda!